Sakhnin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°52′N 35°18′E
Sakhnin
סַחְ'נִין, סִכְנִין, سخنين
by
PikiWiki Israel 17664 Cities in Israel.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°52′N 35°18′E
Areal 9,82 km²
Folketal 25 600 (2008)
Folketettleik 2 607 / km²
Borgarmeister Mazin G'Nayem
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sakhnin

Sakhnin (arabisk سخنين, hebraisk סַחְ'נִין eller סִכְנִין Sikhnin) er ein by i Israel i Nord distrikt. Han ligg i Nedre Galilea, kring 23 km aust for Akko. Sakhnin vart erklært ein by i 1995. Folketalet er 25 100[1] og dei fleste er arabarar, hovudsakleg muslimar med ein større kristen minoritet. Sakhnin er heimstad til den største gruppa sufimuslimar i Israel, kring 80 personar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sakhnin er bygd over tre høgder og ligg i ein dal omgjeve av fjell, det høgaste på 602 meter over havet. Landskapet er landleg og nesten heilt dekt av oliven- og fikenlundar, i tillegg til kratt av oregano og sesam.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sakhnin om hausten.

Det har vore busetnad ved Sakhnin i 3 500 år og han vart først nemnt i 1479 fvt. av Thutmose II frå Det gamle Egypt, då han var nemnt som eit senter for produksjon av indigo. Sargon II nemner òg byen som Suginin.

Han vart nemnt som Sogane, ein festningsby i 66 evt., av Josefus.[2] Det er funne ruinar av søyler og cisterner på staden frå antikken.[3] Ei cisterne, grave ut nær moskéen i gamlebyen, avdekte bitar av keramikk datert til første til 400-talet evt.[4]

På 1100-talet var han ein av casales (landsbyar) som høyrte til Den tyske riddarordenen, ein krossfararorden.[5]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var Sakhnin omtalt i osmanske skatteregister som ein del av Akka nahiya i Tabariyya liwa. Han hadde då 66 muslimske hushaldningar og 8 ungkarar. Det vart betalt skatt for kveite, bygg, oliven, bomull og ei vassmølle.[6]

I 1859 estimerte den britiske konsulen Rogers at folketalet var 1100,[7] medan Victor Guérin i 1875 fann 700 innbyggjarar, både muslimar gresk-ortodokse og skismatiske grekarar.[8]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 av dei britiske styresmaktene i Palestinamandatet, hadde han 1575 innbyggjarar, 1367 muslimar og 208 kristne.[9] og i 1931 hadde talet auka til 1891 med 1688 muslimar, 202 kristne og éin jøde i totalt 400 hus.[10] I 1945 hadde Saknin 2600 innbyggjarar.[11]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Under Den arabisk-israelske krigen i 1948 overgav Sakhnin seg til israelske styrkar den 18. juli 1948 under Operasjon Dekel, men vart erobra attende av arabiske styrkar kort tid etter. Han fall til slutt utan kamp under Operasjon Hiram, 29–31. oktober 1948. Mange av innbyggjararane flykta nordover, men somme vart verande att og vart utviste av dei israelske soldatane.[12] Byen vart verande i unntakstilstand i 1966.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

I 2003 vart fotballklubben Bnei Sakhnin ein av dei første arabiske laga til å spele i israelsk eliteserie.[13] Året etter vann klubben den israelske cupen, og vart det første arabiske laget som klarte dette. Dei deltok så i UEFA-cupen sesongen etter, der dei tapte mot Newcastle United. Sidan 2005 har laget spelt på Doha stadion, betalt av dei israelske styresmaktene og Qatar. Stadionet har ein kapasitet på 5 000.[13]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 5. oktober 2014. 
  2. Yoram Tsafrir, Leah Di Segni and Judith Green (1994). Tabula Imperii Romani: Judea, Palaestina. Jerusalem: Israel Academy of Sciences and Humanities. s. 235. 
  3. Dauphin, 1998, pp. 663-664
  4. Tahan, 2005, Sakhnin
  5. Strehlke, 1869, p. 8, cited in Ellenblum, 2003, s. 109, note 16
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191
  7. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 286
  8. Guérin, 1880, pp. 469- 471
  9. Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Acre, p. 37
  10. Mills, 1932, p. 102
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 41
  12. Morris, 1987, p. 226
  13. 13,0 13,1 Soccer: In Israel and Italia, storied teams rise International Herald Tribune, 15. april 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]