Yodfat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°50′13″N 35°16′25″E
Yodfat
kibbutz
none
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Misgav
Koordinatar 32°50′13″N 35°16′25″E
Grunnlagd 1960
 - Grunnlagd av Hebraiske realskuleelevar
Tilhøyrsle Fellesbusetjing
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Yodfat
Nettstad: www.romgalil.org.il

Yodfat (יוֹדְפַת), er ein moshav shitufi i Nedre Galilea, sør for Karmiel i Israel.[1] Han høyrer til Misgav regionale kommune og ligg i nærleiken av fjellkammen Atzmon, north for Beit Netofadalen. Yodfat er kalla opp etter ein by som eksisterte under Det andre tempelet med same namn. Han ligg nord for ein arkeologisk haug.[2] Yodfat vart grunnlagd i 1960 by graduates of the hebraisk Reali School of Haifa.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Yodfat.

Det gamle Yodfat (Jotapata), ligg søraust for den moderne moshaven, og er nemnt i Mishna som ein festningsforsterka jødisk landsby frå tida kring Josva, som svarar til jernalderen.[3] Arkeologiske undersøkingar på staden har så langt berre funne ein liten landsby som vart grunnlagd i hellenistisk tid, mellom 200- og 300-talet fvt. Då dei hasmonske kongane strekte makta si inn i Galilea dei siste tiåra av 100-talet fvt., skjedde dei ei endring i folkesetnaden i Yodfat, og han vart busett av jødar.[4]

Minnesmerke til dei jødiske forsvararane av Yodfat, som fall til romarane den 27. juli 67 evt.

I det første hundreåret evt. dekte Yodfat eit område på 50 mål.[5] Han vart kringsett og øydelagd i år 67 evt., ei hending som er skildra i Josefus Flavius sitt verk om krigen mellom jødane og romarane, og det store jødiske opprøret. Den framtidige keisaren Vespasian og tre romerske legionar kringsette Yodfat, og møtte sterk jødisk motstand. Byen fall etter 47 dagar på grunn av eit forræderi, og Josefus skildrar at 40 000 jødar vart drepne og 1 200 kvinner og barn vart tekne som slavar. Yodfat vart jamna med jorda.[6]

Etter denne hendinga vart Yodfat grunnlagd på ny i nærleiken av flyktningar frå Jerusalem, mellom anna ein prestefamilie frå Miyamin.[2][3] Denne byen er nemnt i Talmud som heimstaden til rabbien Menachem av Jotapata (Zev. 110b).[2] Han blømde i 300 år til, før han igjen vart øydelagd. Etter dette låg landsbyen aude fram til 1960.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Yodfat vart grunnlagd på ny i 1960 av elevar frå Den hebraiske realskulen i Haifa.[1] Han er i dag eit jødisk jordbrukssamfunn, kring 1 km nordvest for dei gamle ruinane.

Mal:Panorama

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mapa's concise gazetteer of Israel (på hebraisk). Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 216. ISBN 965-7184-34-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Encyclopedia Judaica, Joptapata, Keter Publishing, Jerusalem, 1978, volume 10, p. 300.
  3. 3,0 3,1 Aviam, Mordechai (1999). «Yodfat - Unearthing a Second-Temple and Great Revolt era Jewish city in the Galilea». Kadmoniut (Israel Exploration Society) 32: 92–101. 
  4. Adan-Bayewitz, David and Aviam, Mordechai (1997). «Iotapata, Josephus, and the siege of 67: Preliminary Report on the 1992-94 seasons». Journal of Roman Archaeology 10: 131–165. 
  5. Josephus, Flavius; Mason, Steve. Life of Josephus. 2003. Brill. s. 197–199. ISBN 978-0-391-04205-6. 
  6. Gottheil, Richard; M. Seligsohn. «Jotapata». Jewish Encyclopedia. http://www.jewishencyclopedia.com/view.jsp?artid=571&letter=J. Henta 2008-08-31. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]