Kampeskadronen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kampeskadronen
Avdelingsmerkekampeskadronen.svg
Land Noreg
Aktiv2002–no
Grein Hæren
Type Eskadron
Rolle
Storleik150 soldatar
Del avHærens taktiske treningssenter
Garnison/HKRena
KallenamnKESK
Beretflash

Kampeskadronen (KESK) er ein markørstyrke i Hæren. Kampeskadronen er ei underavdeling i Hærens taktiske treningssenter (HTTS). Kavaleriavdelinga har standkvarter på Rena i Østerdalen. Hovudoppgåva til eskadronen er markørteneste opp mot andre avdelingar i Hæren. Primæravdelingane som trener med KESK er Telemark bataljon, befalselevar og Forsvarets spesialkommando, som òg held til på Rena leir. I praksis er Kampeskadronen fienden (OPFOR) til profesjonelle avdelingar, som bidrar til realistisk krigføring.[1]

Soldatane trener på strid i urbant område (SIBO), strid i løpegravsystem, vognstrid, infanteristrid, sanitet og nærkamp.[2][3] Eskadronen er utstyrt som ein norsk mekanisert infanteribataljon, med stormpanservogner CV9030N, stridsvogner Leopard 2 og panservogner M113.

Avdelinga har to innrykk per år, i januar og om sommaren. Sommarrekruttar er primært fallskjermjegerkandidatar som har falt frå opptaket.[4][5] Etter fullført rekrutt, får dragonane den svarte bereten.


Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Eskadronsstab[endre | endre wikiteksten]

Staben er leiinga i Kampeskadronen. I felt og under øvingar har det overordna ansvaret for plassering av troppar, samband og logistikk.

Stridsvogntropp 1[endre | endre wikiteksten]

Stridsvogntropp 1 er oppsatt på stridsvogn Leopard 2. Soldatane vert utdanna til å handtera stidsvogner i vognstrid, kolonnekøyring og taktisk køyring.

Mekanisert infanteritropp 3[endre | endre wikiteksten]

Mekanisert infanteritropp 3 (MEK3) Rolla til eskadronen er å støtta stridsvognene med stormpanservogner CV9030N med mekaniserte infanterilag. Troppen er i stand til å føra vognstrid.[6] Stormsoldaten held seg inne i stormpanservogna når troppen flyttar seg, og hoppar av til fots ved ordre. Stormsoldatane er utstyrt med HK416 semi-automatiske rifler, MINIMI lett maskingevær og FN MAG maskingevær.

Eit infanterilag på forflytting.

Mekanisert infanteritropp 4[endre | endre wikiteksten]

Denne troppen (MEK4) har den same rolla som MEK3. Soldatane i begge infanteritroppane kan òg utføra sjølvstendige oppdrag utan støtte frå stormpanservognene. Strid i løpegravsystem eller strid i urbant terreng (SIBO) er døme på dette. MEK3 og MEK4 kan samanliknast med ein stormeskadron i Panserbataljonen eller eit mekanisert infanterikompani i Telemark bataljon.

Stabstropp[endre | endre wikiteksten]

Stabstroppen er ein forsynings- og logistikktropp. Troppen bidreg med kampstøtte, og legg forholda til rette slik at tropp 1, 3 og 4 held ut i strid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Andre avdelinger i Hæren»». Forsvaret. Henta 14. februar 2015. 
  2. ««KESK MEK 3 2013 - Dimmefilm - Kontingent 0113»». YouTube. Henta 14. februar 2015. 
  3. Hågbo, Trond-Ola (17. desember 2011), «Fotstrid fra dimmefilmen til Kampeskadronen kont. 0111», YouTube, henta 15. februar 2015 
  4. Gukild, Emil (6. juli 2015), «Hærens tøffe soldatar», Forsvarets mediesenter, henta 3. januar 2016 
  5. ««Oppmøtekalender»». Forsvarets mediesenter. Henta 14. februar 2015. 
  6. Hågbo, Trond-Ola (2011), «CV9030N - vogndelen fra dimmefilmen til Kampeskadronen kont. 0111», Vimeo, henta 15. februar 2015