Kanaudji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanaudji
(også skrive kanauji)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   Vestleg hindi
    hindi
Bruk
Tala i: Hovudsakleg India
Område: Uttar Pradesh
Kanaudjitalande i alt: 6 millionar (1977)
Rangering: Ukjend
Skriftsystem: Devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i: India

iso2=bjj

Språkkodar
ISO 639-3: bjj

Kanaudji er ein hindidialekt som blir tala i regionane Farrukhabad og Cawnpore i Uttar Pradesh. Språket er det austlegaste av dialektkontinuumet vestleg hindi. Kanaudji har ei lingvistisk grense til bradjbhakha, som det mange trekk til felles med. Ein dialekt av språket har mange trekk frå det austleg-hindiske avadhi.

Kannaudjitalarar oppfattar gjerne seg sjølve som hinditalarar, og mange av dei reknar det ikkje som eit eige språk. Det er likevel vanskeleg for talarar av standard hindi å forstå kannaudji.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Kanaudjiendinga /o:/ erstattar ofte bradjbhakhaendinga /au/. Substantiv som ender med konsonanthindustani har ofte endinga /u/ i kanaudji.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]