Karl Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karl Amundsen (fødd 10. november 1873) var ein norsk snikkar og forretningsførar frå Brandval i Hedmark, samt politikar for høvesvis Arbeidarpartiet og kommunistpartiet (NKP).

Han var fødd og oppvoksen på ein husmannsplass under garden Sjøndem i Brandval. Han gjekk i lære og vart bygningssnikkar i Kristiania, og budde så ei tid etter 1900 i Romedal der kona hans var frå. I 1904 busette han seg i Løten og arbeidde som bygningsmann til 1911, då han fekk arbeid som forretningførar for sjukekassa i Løten og elles var «riksforsikringenes tilsynsmand».

Etter å ha vore med i styret i Hedmark Arbeidarparti i seks år, var han amtsformann i same frå 1912. Same året vart han vald til å representere einmannskrinsen Søndre Hedemarken på Stortinget. Vald inn for Arbeidarpartiet hadde han i 1913-15 sete i tollkomiteen. Ved stortingsvalet 1915 fekk han i andre valomgang 4 379 røyster, men tapte for Karl Wefring frå Frisinna Venstre som oppnådde 4 886 røyster. Både i 1921 og 1924 stilte Amundsen som kandidat ved stortingsval, i 1924 for det nyskipa Norges Kommunistiske Parti, begge gongane utan å nå opp.

Amundsen var kjend for å ha funne på avisnamnet Demokraten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]