Karl Wefring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Wefring
Karl Wilhelm Wefring.jpg
Fødd 11. oktober 1867

Fiskum

Død 28. september 1938
Parti Frisindede Venstre
1. verv Leiar av Frisindede Venstre
 - periode 1924–1925
 - føregangar Oluf Müller
 - etterfylgjar P.A. Holm
2. verv Norsk forsvarsminister
 - periode 1921–1921, 1923–1924, 1926
 - regjering Halvorsen I, Halvorsen II, Berge, Lykke
3. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1916–1918, 1925–1927
 - valkrins Søndre Hedemarken, Oslo
4. verv Ordførar i Løten
 - periode 1898–1901
Wikimedia Commons: Karl Wilhelm Wefring

Karl Wilhelm Wefring (11. oktober 186728. september 1938) var ein norsk lege og politikar, fødd i Øvre Eiker. Han var på 1920-talet statsråd i fleire regjeringar og formann 1924-25 i Frisinna Venstre. Far hans var prest i Den norske kyrkja.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Wefring tok examen artium ved Trondhjems katedralskole som 16-åring i 1884, og avla medisinsk embetseksamen i 1892. Han var lege ved Trondheim sjukehus i 1893, kommunelege i Løten 1893–1907, direktør ved Sanderud psykiatriske sjukehus 1907–17, «Overlege for statens sinnssykevesen» 1919–27, konstituert sjef for Medisinaldirektoratet, forløparen for Helsedirektoratet 1927–30 og direktør ved Rikshospitalet 1930–37.

Wefring var ordførar i Løten 1899–1901 og medlem av Stange heradsstyre og formannskap 1901–03 og 1907–13. Han var også forlikskommissær i Løten 1901–07, og sekretær i jarnbanekommisjonen i Hedmark 1907–19. Perioden 1914-16 var Wefring president i Den norske lægeforening. Han var formann i Idrettskommisjonen av 1918, og styremedlem i Nasjonalforeningen mot tuberkulosen.

Valperioden 1916-18 var Wefring partiuavhengig stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Søndre Hedemarken, men representerte Frisinnede Venstre frå Oslo då han valbolken 1925–27 på ny var å finne på Stortinget. Begge periodane var han medlem i Militærkomitéen, og var elles odelstingspresident 1925–26 og nestformann i Stortingets universitets- og fagskulekomité 1926–27. Wefring var forsvarsminister i Otto B. Halvorsens første regjering 1920–21 og Otto B. Halvorsens andre regjering i 1923, deretter i regjeringa Berge 1923–24 og Ivar Lykke si regjering i 1926. I juli 1926 søkte Wefring avskjed, då det same året vart reist riksrettsak mot dei sju medlemene i Berge-regjeringa, inkludert Wefring. Dei tiltalte vart frifunne i mars 1927.

Wefring vart i 1921 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs orden «for statsborgerlig og embetsfortjeneste». Han var også kommandør av fyrste klasse av Dannebrogordenen, storkors av Italias kroneorden og kommandør av 1. klasse av Nordstjerneordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]