Karl Friedrich Kurz
| Karl Friedrich Kurz | |
![]() | |
| Statsborgarskap | Tyskland |
| Fødd | 23. september 1878 Freiburg im Breisgau |
| Død | |
| Yrke | skribent, kunstmålar, prosaforfatter |
| Språk | tysk |
| Karl Friedrich Kurz på Commons | |
Karl Friedrich Kurz (23. september 1878–26. juni 1962) var ein tysk/sveitsisk/norsk forfattar.
Karl Friedrich Kurz er fødd nær Freiburg, Bremgarten i Tyskland. Som barn flytta han med foreldra til Basel i Sveits. Han ønskte å bli kunstmålar og begynte på akademiet i Karlsruhe.
Det var tilfeldigheiter som gjorde han til skribent og forfattar. Etter å ha ført eit omflakkande tilvære med omfattande reiseverksemd i m.a. aust-Asia og Japan, slo han seg ned i Noreg der han skreiv romanar på tysk. Han var påverka av Knut Hamsun og henta inspirasjon frå naturen og folkelivet ved Sognefjorden og i Sunnfjord.
Romanane vart svært populære i Tyskland og vart selde i store opplag. I 1934 fekk han Schillerprisen og Volkspreis frå Schweizerische Schillerstiftung i Zürich.
Han budde først i Solund, så ved Vadheim i Høyanger kommune før han i 1924 slo seg ned i Vårdal i Dalsfjorden i Askvoll kommune i Sunnfjord. Der budde han til 1950. Då forlet han familien sin og flytta til Nessjøen (Nese) i Fjell kommune på Sotra i Hordaland. Han budde der til han døde i 1962, 84 år gamal. Kurz gav ut 10 romanar og fleire novellesamlingar. Dei etterlatne papira hans er for det meste komne bort.
Karl Friedrich Kurz ligg gravlagt på kyrkjegarden i Holmedal i Dalsfjorden, Sunnfjord.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1914 – Der Held von Björnnäs : Nordische Erzählung (München:Albert Langen)
- 1914 – Mitternachtsonne und Nordlicht : mit 16 Vollbildern und 34 Textbildnissen nach Strichzeichnungen des Verfassers (Frauenfeld:Druck und Verlag von Huber & Co)
- 1927 – Die goldene Woge : roman (Berlin:Georg Westermann)
- 1930 – Im Königreich Mjelvik : roman (Berlin:Georg Westermann)
- 1931 – Herren vom Fjord : roman (Berlin:Georg Westermann)
- 1935 – Tyra, die Märcheninsel : roman (Berlin:Georg Westermann)
- 1936 – Herrn Erlings Magd : roman (Berlin:Gerhard Stalling Verlagsbuchhandlung)
- 2002 – Herskap ved fjorden : roman (Leikanger:Skald). ISBN 82-7959-033-1 [Originaltittel: Herrn Erlings Magd : roman ; omsett frå tysk av Heidi Helle og Rolf Losnegård]
