Karl Gylche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Gylche
Fødd 17. desember 1820
Død

21. desember 1878

Yrke politikar

Karl Gylche (17. desember 182021. desember 1878) var ein lensmann og stortingsmann fødd i Trondheim.

Far til Gylche var tilsett i det norske forsvaret som «batterichef». Sjølv var han kontorist og seinare fullmektig hos futen på Ørlandet, før han reiste til Tromsø og var fullmektig hos byfuten. År 1841 vart han lensmann i Trondenes, berre 20 år gammal. I 1862 fekk han lensmann-stillinga i Inderøy, men fem år seinare tok han over som overkontrollør av brennevins- og maltproduksjonen i Trondhjems distrikt. Han budde på Bragstad i Inderøy før han flytta til Stiklestad i Verdal, der han døydde i 1878.

Gylche møtte fyrste gongen på Stortinget som fyrste varamann for Finmarkens amt den 9. juli 1857, og heile 1858-sesjonen, for Stephen Thomas. Gylche representerte så Finmarken på Stortinget 1859-60, 1862-63 og det overordentlege Storting 1864. Han var i 1857 medlem av næringskomite nr 1, i 1959-60 var han sekretær i desisjonskomiteen og 1862-63 av næringskomite nr 2. I 1860 var Gylche med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]