Kastanjebukkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kastanjebukkolibri
Kastanjebukkolibri
Kastanjebukkolibri
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av kastanjebukkolibri
Utbreiinga av kastanjebukkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Trochilini
Slekt: Saucerottia
Art: Kastanjebukkolibri A. castaneiventris
Vitskapleg namn
Amazilia castaneiventris

Kastanjebukkolibri (Saucerottia castaneiventris) er ein fargerik kolibriart i slekta Saucerottia med liten og minkande førekomst, og han er endemisk for Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kastanjebukkolibri er liten, 8,4 centimeter lang, og som fleire andre Amazilia-artar har han framtredande raudbrun farge i fjørdrakta. Undersida og halen er raudbrun. Oversida skinande raudleg til bronsefarga, som gradvis går over til ein noko grå overgump. Halsen og øvre brystet er skinande grøn. Han har små, snøkvite fjører ned rundt leggene, nebbet har rosa base og raudt utover undernebbet, elles svart. Hofuglen liknar hannar, men er noko meir avdempa i fargene. Denne arten er svært lik rusthalekolibri, Amazilia tzacatl, men rusthalekolibri manglar den kraftige raudbrune farga på undersida og har i staden gråleg, fargelaus buk. Kastanjebukkolibri gjer ei kjenneleg læte, som ei rusten dørhengsle når dei forsvarer territoriet mot inntrengande artsfrendar eller andre kolibriar.[1]

Utbreiingsområdet for denne kolibriarten synest å vere avgrensa til tørrare delar av Magdalena-dalføret med sidedalar i departementa Santander og Boyacá, normalt mellom 500 og 1500 moh. Sjølv om det no finst spesifikke område med kjent nærvere av arten, er det umogleg å føreseia nøyaktig førekomst på grunn av ukjente sesongvariasjonar av lokale trekk. Nyleg har han òg vore registrert i meir fuktige område, og i hagar og på kaffiplantasjar, det kan vere teikn på tilpassing av nye omgjevnader og ein respons på tap av opphavleg habitat. Føda er nektar og små leddyr. Dei beitar på blomar i Salvie-slekta og på Trichanthera gigantea i plantefamilien Acanthaceae.[2]

Dette er Saucerottia-arten med svakast bestand, eit estimat ligg i området 1000 til 2500 individ og ein trur populasjonen er minkande.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Cortes-Herrera, J. O. 2006. Natural history of Chestnut-bellied Hummingbird.
  2. Weller et al (1999)
  3. BirdLife International (2023)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kastanjebukkolibri