Kastanjetannvaktel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kastanjetannvaktel

Status i verda: NT Nær truga

KastanjetannvaktelFoto: Francesco Veronesi
Kastanjetannvaktel
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Odontophoridae
Slekt: Odontophorus
Art: O. hyperythrus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Chestnut Wood-Quail
  • Vitskapleg namn
    Odontophorus hyperythrus
    Gould, 1858

    Kastanjetannvaktel (Odontophorus hyperythrus) er ein bakkelevande fugl i tannvaktelfamilien og er endemisk til Colombia med utbreiing i sentrale og vestre del av Andesfjella i Colombia.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Kastanjetannvaktlar er 25 til 29 centimeter i kroppslengd og kan vege i området 350 til 390 gram, der hannfuglar er tyngst. Fjørdrakta er i det store kastansjebrun, men med mørk brun overside og svarte sjatteringar. Rundt auga og øyra er fjørene grå til kvite. Nebbet er svart, beina lysare grå og kan ha blåleg tone. Arten syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta ved at hofulgar har meir grått, bryst og buk har mørk gråleg farge, men strupeområdet er som hos hannar.

    Det naturlege habitatet for denne tannvaktelen er høgtliggande, subtropiske skogar, i høgder på 1600-2800 moh.

    Kastanjetannvaktlar søkjer føde i nedfallslauv på bakken og tar bær og frø. Dei kan opptre i grupper på opptil 9 individ og er mest sannsynleg standfuglar. Forplantingsbiologien er lite kjent. Ein trur fuglar av denne arten kan legge egga i april til mai månad.

    Kastanjetannvaktelbestanden er estimert til ca. 3 500-15 000 individ totalt og er trudd å vere minkande.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kastanjetannvaktel