Katarina Barruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katarina Barruk
IYIL 2019 Upmisámi artista Katarina Barruk Den umesamiske artisten Katarina Barruk (46566372454).jpg
Fødd5. desember 1994 (27 år)
FødestadStorumans kommun
OpphavSverige
Verka sommusikar
FarHenrik Barruk
PrisarÅrets unge kunstner

Elina Maria Katarina Barruk (fødd 5. desember 1994) er ein samisk songar, joikar, pianist og låtskrivar frå Sverige som framfører eigne tekster på umesamisk. Ho er ein forkjempar for og aktiv brukar av umesamisk, eit språk som vert sett på som utryddingstrua av UNESCO.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barruk vart fødd i Storuman i Storuman kommune i Lappland i Västerbottens län i Sverige. Ho er dotter av språkkonsulenten Henrik Barruk.

Barruk er ein av få unge samar som snakkar umesamisk flytande, og har uttrykt eit sterkt ønske om å føra språktradisjonen vidare. Ho er blant anna med og leier språkbad der menneske i ulike aldrar møtest for å tala og lære seg umesamisk.[1] Ho har òg arbeidd deltid som lærer i samisk i Umeå og Storuman.[2]

I 2012 vart ho utnemnd til årets unge samiske artist på urfolkfestivalen Riddu Riđđu i Kåfjord i Nord-Troms.[2] I 2013 avslutta ho den musikkestetiske linja på Midgårdsskolans gymnasium i Umeå,[1] seinare har ho òg studert på Samernas folkhögskola i Jokkmokk i Norrbottens län.

I 2013 mottok Barruk Umeå sameforeining sitt ungdomsstipendet med denne grunngjevinga:

Hon får stipendiet för sin talangfullhet i musikskapande som hon på ett briljant sätt kombinerar med sitt djupa engagemang för det umesamiska språket. Genom eget komponerande av musik med jojkelement och texter på umesamiska har hon funnit ett eget musikaliskt uttryck som kommer att utvecklas än mer.[3]

I 2014 var Barruk med i prosjektet Russuoh vuölieb – Väck upp jojken! saman med fleire andre unge joikarar, der ho deltok i arbeidet med nytolkingar av eldre joikar.[4] Resultatet vart framført under ein konsert i Umeå laurdag den 30. august 2014 i samband med at Umeå var europeisk kulturhovudstad.

I 2015 lanserte ho debutalbumet sitt Báruos med tekster på umesamisk, eit album som har fått god kritikk.[5]

Under oppstarten av Dei sameinte nasjonane sitt internasjonale år for urfolkspråk (2019) framførte ho musikk på umesamisk. Seinare same året mottok ho òg kulturprisen «Guldäpplet» i Folkets hus i Umeå.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Báruos, 2. september 2015, produsert av Frode Fjellheim, debutalbum.
  • Russuoh vuölieb, 15. september 2015, medvirkende. Liveinnspilling fra konsert 30. august i Umeå [Låt nr 2, «Máttaráhkku»; låt nr 27, «Kustlandet» og låt nr 50, «Stuorra Várrie»; låt nr 27 ble fremført av Katarina Barruk. Låtene nr 2 og 50 ble fremført av Marja Helena Fjellheim Mortensson & Katarina Barruk].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Umesamiskan - en viktig del av Katarinas liv». Henta 6. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Språkveiviseren Katarina». Henta 6. mars 2020. 
  3. «Ubmejen Biejvieh's ungdomsstipendium». Såhkie (på svensk). 
  4. «Russuoh vuölieb! Väck upp jojken!» (PDF). Henta 6. mars 2020. 
  5. Johan Sandberg McGuinne (20. september 2015). «Umesamisk jojk-pop». Samefolket. Henta 6. mars 2020. 
  6. «Official Global Launch Event of the 2019 International Year of Indigenous Languages» (PDF). 28. januar 2019. Henta 6. mars 2020.