Kathrin Zettel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kathrin Zettel
Kathrin Zettel Altenmarkt-Zauchensee 2009.jpg
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 5. august 1986
Scheibbs
Idrett alpint
Yrke alpinist

Kathrin Zettel (fødd 5. august 1986) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Scheibbs i Niederösterreich som vart verdsmeister i superkombinasjon i 2009 og i tillegg har sikra seg to VM-sølv og ein OL-bronse i tida 2005-14. Ho har vunne ni renn i verdscupen i tida 2006-12.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zettel debuterte i verdscupen i alpine greiner i 2004. Året etter deltok ho i VM i alpine greiner 2005 i Santa Caterina, der ho kom på fjerdeplass i slalåm. Avslutningsdagen var ho med på å ta sølv i den nye øvinga lagtevling, saman med Nicole Hosp, Renate Götschl, Benjamin Raich, Rainer Schönfelder og Michael Walchhofer.

Zettel vann si fyrste verdscuptevling den 25. november 2006, eit storslalåmrenn i Aspen i delstaten Colorado. I sin beste sesong, 2009-sesongen vann ho fire storslalåm-tevlingar i verdscupen, noko som var med å gje henne fjerdeplassen i verdscupen i alpine greiner 2009. Ho vann sin niande og hittil siste verdscupsger i 2012, på dagen seks år etter den fyrste

Høgdepunktet for Zettel kom i VM i alpine greiner 2009, då ho vann gullmedaljen i superkombinasjon framfor sveitsiske Lara Gut. To år seinare tok ho sølvet då landskvinna Marlies Schild vart verdsmeister i slalåm i Garmisch-Partenkirchen. I 2014 kunne Zettel reise heim frå Vinter-OL i Sotsji med ein bronsemedalje, også den vunnen i slalåmløypa.

Under VM i alpine greiner 2015 i Vail/Beaver Creek vart Zettel nummer fem, seks og sju i høvesvis slalåm, superkombinasjon og storslalåm. Ho la bort konkurranseutstyret ved sesongslutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar