Katrine Sele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katrine Sele
Katrine Sele.jpg
Fødd 1972
København
Yrke journalist, forfattar

Katrine Sele (fødd 1972) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er fødd i København, vaks mellom anna opp i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore, og er busett på Vassenden i Jølster kommune.

Sele har vore tilsett i avisa Firda i Førde sidan 1998, der ho i hovudsak arbeidde som kulturjournalist og -kritikar.

Ho har gjeve ut artikkelsamlinga Månen er så liten som ein katt (2000), Tvisynt tvilar - eit Oddvar Torsheim-portrett (2001) og Herifrå (2006), eit samtidsdokument om Sogn og Fjordane og Kenneth – historia om Kenneth Sivertsen (2013).

Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen (Sivlelaget) i 2008 for framifrå nynorsk, og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

I 2013 vart ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 199? – Zuid en noord <utstillingskatalog> = Nord og sør (Dordrecht)  [Tekst av Katrine Sele]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-521-7151-8  [Av innhaldet: Rosa prinsesse bestemmer alt / Katrine Sele]
  • 2007 – Eventyrboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Kokken frå Calabria / Katrine Sele]
  • 2011 – Trøysteboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Rita for alltid / Katrine Sele, s. 162-173]
  • 2013 – Det fleirspråklege Noreg (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-190-0  [Av innhaldet: Kose med deg på Sande / Katrine Sele, s. 58-69]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Eg var der, men du var ein annan plass / Katrine Sele]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]