Noahs ark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noas ark, måla av Edward Hicks i 1846.

Noahs ark var i følgje tradisjonen den båten som Noah bygde etter Guds anvisningar, og som redda Noa og familien hans frå syndfloda.

Ordet «ark» har vi via norrønt ǫrk frå latin arca som tyder «kiste».

Bibelens ark[endre | endre wikiteksten]

«Sjå, eg vil gjera ei pakt med dykk og med etterkomarane dykkar, og med kvart eit livande liv som hjå dykk er, både fuglar og fe og alle dei ville dyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arki, alt som liver på jordi:
Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt livande tynast i flaumen, og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.

I Fyrste mosebok står forteljinga om Noah og arka i kapitlane 6, 7, 8 og 9. Først får vi høyre at Gud angra på at han hadde skapt menneska, sidan hjarto deira var fylte av så mykje vondskap, og han ville rydja ut av jorda menneska som han hadde skapt. Men Noah fann nåde hjå Herren, og han fekk bod om å byggje ei ark av sypresstre; tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg. Med i arka skulle han ta med seg kona si og sønene og sønekonene sine; vidare eitt par av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr på marka, og eit lager av alt som kunne brukast til mat, så dei kunne berge livet.

Så fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda, medan alt vatnet fløymde over alt landet og rydja ut alt liv som hadde livpust i nasen. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att.

Noahs ark på Araratfjellet. Måleri av Simon de Myle frå 1517.

Etter at arka hadde stranda, og dyr og menneske hadde forlate arka, gjorde Gud ei pakt med dyr og menneske, Regnbogepakta.

I følgje Bibelen støytte arka på grunn på fjellet Ararat (Fyrste Mosebok kap. 8 vers 4). Aust i Tyrkia er det eit 5256 meter høgt fjell med dette namnet, og det har vore mange ekspedisjonar til fjellområdet for å leite etter restar av arka.

Arka i Koranen[endre | endre wikiteksten]

Koranen fortel om Noah og arka i kapittel 11, versa 27-51. Noah vart send som ein profet, men folket høyrde ikkje på han. Då baud Gud han å lage ei ark for augo hans, etter hans inspirasjon, slik at dei som gjorde urett kunne druknast. Når Gud lét vatnet fløyme over jorda, fekk Noah bod om å ta om bord eitt par av alt, familien sin og dei som trudde. Og Noah sa: «Stig om bord! I Guds namn er ferd og landkjenning.»

Arka stranda på fjellet El-Dsjudi, og Noah kunne gå frå borde med Guds fred og velsigning over seg og det folket som var med han.

Mytar bak forteljingane i skriftene[endre | endre wikiteksten]

Forteljingar om ein stor flaum finst i ulike variantar i mange av kulturane i verda. Forteljinga om Noah er ein versjon av ein oversvømmingsmyte med opphav i Mesopotamia, kjend i tida mellom 2500 og 2000 f. Kr.: Mytane har det til felles at ein gudesend syndflod øydelegg verda, men at ein rettskaffen mann overlever katastrofen med familien sin, slik at verda vert folkesett på nytt etter at flaumen har trekt seg attende.

I det babylonske Gilgamesj-eposet overlever Utnapishtim flaumen ved å byggje eit skip som strandar på fjellet Nisir. Utnapishtim opnar vindauget på skipet og sender ut ei due, ei svale og ein ramn for å undersøkje området. Vel ute av skipet ofrar han slik at gudane vert blidgjorte, og dei vert samde om at i framtida skal menneska verte straffa, men ikkje utrydda, om dei oppfører seg ondt. Til slutt vert Utnapishtim velsigna og løna med evig liv.

Likskapen mellom forteljingane i Gilgamesj-eposet og 1. Mos. 6-9 er slåande.

Forteljinga om Noahs ark er rekna blant kjerneforteljingane i kristen oppseding, her illustrert med flanellograf

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]