Johannes Kepler
(Omdirigert frå Kepler)
Johannes Kepler | |
![]() | |
Fødd | Johannes Kepler 27. desember 1571 Weil der Stadt |
---|---|
Død | 15. november 1630 Regensburg |
Nasjonalitet | Det tysk-romerske riket |
Område | optikk, astronomi, matematikk, mekanikk |
Yrke | naturvitar, astrolog, teolog, matematikar, astronom, musikkforskar, fysikar, kosmolog, musikkteoretikar, filosof, skribent, lærar |
Institusjonar | Karl-Franzens-Universität Graz |
Alma mater | Universitetet i Tübingen Evangelical Seminaries of Maulbronn and Blaubeuren Tübinger Stift |
Doktorgradsrettleiar | Michael Mästlin |
Kjend for | Dei keplerske lovene Kepler si gjetting |
Ektefelle | Barbara Müller |
Medlem | Accademia Nazionale dei Lincei |
Signatur![]() |
Johannes Kepler (27. desember 1571–15. november 1630) var ein tysk matematikar, astronom og optikar. Kepler er mest kjend for at han formulerte lovene for planetane sine rørsler. Desse vert kalla dei keplerske lovene. Kepler var ein nøkkelperson under den vitskaplege revolusjonen på 1600-talet. Verka hans danna eit av grunnlaga for Isaac Newton sin teori om universll gravitasjon.
Livssoge[endre | endre wikiteksten]
Som ung tok Kepler utdanning i matematikk. Seinare drog han til Polen, der han vart assistent for Tycho Brahe. Da denne døydde i 1601 utnemnde keisar Rudolf II han til keisarleg matematikar. Slik vart han både ein kjend astronom og fekk tilgang til dei fremste forskingsresultata i samtida.
Verk[endre | endre wikiteksten]
- Mysterium Cosmographicum (Det kosmiske mysterium), 1596
- De Stella nova in pede Serpentarii (Om den nye stjerna i Slangens fot), 1604
- Astronomiae Pars Optica (Den optiske sida ved astronomien), 1604
- Astronomia Nova (Ny astronomi), 1609
- Dioptrice, 1611
- Harmonices Mundi (Verdens harmonier), 1619
- Epitome astronomiae Copernicanae, utgitt i tre delar 1618–1621
- Tabulae Rudolfinae, 1627
- Somnium, 1634
- Nova stereometria doliorum vinariorum
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |