Khazir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 36°10′13″N 43°32′28″E
Khazir
الخازر
elv
Khazir river 2010.JPG
Ei bru over Khazir langs vegen mellom Mosul og Erbil.
Land Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 36°10′13″N 43°32′28″E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg

Khazir (arabisk الخازر) er ei elv i Nord-Irak, ei sideelv til Store Zab frå høgre.[1]

Geomorfologi[endre | endre wikiteksten]

Området kring Khazir er geologisk aktivt[2] og kryssar tre antiklinar frå nord til sør[3] og dette har stor effekt på elveleiet. Nedslagsfeltet til elva er 2 900 km².[1] Kvart år vert grunnvasspegelen fyllt opp med 111,6 mm nedbør i året[4][5][6] og regionen vert rekna som frodig.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved M'lefaat har ein fune spor etter ei liten landsby av jeger-samlarar datert til 9000-talet fvt. og vert rekna som ein del av førkeramisk yngre steinalder A i Levanten.[8][9] Seinare var elva ein del av vatninga til den assyriske byen Nimrud.[10] Dei hellenistiske grekarane kalla elva Boumelus[11] og ho var åstad for eit slag mellom Aleksander den store og Darius av Persia.

I august 686 evt. var elva åstad for eit slag mellom armeane til Ibrahim ibn al-Ashtar og Ubayd Allah ibn Ziyad,[12][13] under opprøret til Mukhtar al-Thaqafi. Den 25. januar 750 vart slaget ved Zab utkjempa i nærleiken.

I 2014, etter amerikanske fly hadde utført bombeåtak, trekte IS-styrkar seg attende til Khazir,[14] der dei øydela bruer som amerikanarane hadde bygd ti år tidlegare.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Abdulla, Fayez; Al-Badranih, Laith (2000). «Application of a rainfall-runoff model to three catchments in Iraq». Hydrological Sciences Journal 45 (1): 13–25. doi:10.1080/02626660009492303. 
  2. Ziyad Elia, The Neotectonic Activity Along the Lower Khazir River by Using SRTM Image and Geomorphic Indices Earth Sciences 2015; 4(1): 50-58 .
  3. Ziyad Elias The influence of tectonic movements upon changes in river alignment - The example of the Lower Khazir River, International Journal Of Enhanced Research In Science Technology & Engineering, ISSN 2319-7463 Vol. 3 Issue 3, Mars 2014, Side: (140-148), Impact Factor: 1.252.
  4. Hussein Jassas and Broder Merkel, Estimating Groundwater Recharge in the Semiarid Al-Khazir Gomal Basin, North Iraq, Water 2014, 6(8), 2467-2481
  5. Hussein A. Jassas & Broder J. Merkel, Investigating groundwater recharge by means of stable isotopes in the Al-Khazir Gomal Basin, Nord-Irak Environmental Earth Sciences 2015. juni Volume 73, Issue 12, pp 8533-8546.
  6. Investigating groundwater recharge by means of stable isotopes in the Al-Khazir Gomal Basin, Nord-Irak, Environmental Earth Sciences 2015. juni Volume 73, Issue 12, pp 8533-8546.
  7. The Khirpa Zhuri - Khirpa Zheri - Perkholy - Lakan - Esmawa Local Road, The Duhok guvernement (Akree Region). Iraq. 2008
  8. Kozłowski, Stefan Karol (1998), "M'lefaat. Early Neolithic site in Nord-Irak", Cahiers de l'Euphrate 8: 234,
  9. Solecki, Ralph S. (1997). "Shanidargrotta". In Meyers, Eric M. The Oxford Encyclopedia of Archaeology in the Ancient Near East 5. New York: Oxford University Press. s. 15–16.
  10. Christopher Davey, The negub Tunnel, Iraq Vol. 47 (1985), s. 49-55 .
  11. Curtis book 9.
  12. al-Syyed, Kamal. "Battle of al-Khazir". Mukhtar al-Thaqafi. Qum, Iran: Ansariyan Foundation. s. 21.
  13. Al-Mukhtār ibn Abū ʿUbayd al-Thaqafi, i Encyclopædia Britannica, Inc. 2013.
  14. Raja Abdulrahim, The Daily Herald 5. oktober 2014 Iraqi kurdisk forces move toward complex battle in Mosul.
  15. COALITION EFFORTS AID IRAQ'S RECOVERY 3. mai 2003.