Kili Holm
Utsjånad
| Kili Holm | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Kili Holm 59°11′00″N 2°55′00″W / 59.183333333333°N 2.9166666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Kili Holm | |||
Kili Holm er ei tidvassøy i Orknøyane i Skottland som er landfast med Egilsay ved lågvatn. Som for naboøya Egilsay kan namnet ha delvis gælisk opphav, noko som er uvanleg for Orknøyane.[1] Kili kan kome av cille som tyder munkecelle.[2]
Det ligg ei gravrøys på øya og ho vert i dag nytta som utmark for sauer.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kili Holm består av raud sandstein.[2]
Mellom øya og Egilsay ligg Smithy Sound, som vert tørrlagt ved lågvatn. I nordaust ligg Point of Ridden og i nordvest Point of Pitten. Vestsida vert kalla Marlow.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kili Holm» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Anderson, Joseph (red.) (1893) Orknøyaneinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9
- 1 2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
