Kill Buljo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kill Buljo
Opphavsland Noreg
Språk Norsk/nordsamisk
Sjanger Komedie
Regissør Tommy Wirkola
Produsent Terje Strømstad
Manus Stig Frode Henriksen
Tommy Wirkola
Medverkande Stig Frode Henriksen
Natasha Angel Dahle
Tommy Wirkola
Linda Øverli Nilsen
Martin Hykkerud
Frank Arne Olsen
Musikk Kjell Rune Myrland
Petter Carlsen
Klipp Tommy Wirkola
Filmselskap Oro Film
Utgjevingsår 2007
Lengd 93 min.
Budsjett 890 000 NOK[1]
Aldersgrense 11 år[2]

Kill Buljo er ein norsk film frå 2007. Han er regissert av Tommy Wirkola etter eit manus av Stig Frode Henriksen og han sjølv. Filmen er ein komisk parodi på det amerikanske actioneeventyret Kill Bill der handlinga er lagd til Finnmark. Filmen følgjer hovudpersonen Jompa Tormann si jakt på Tampa og Papa Buljo. Filmen spelar mykje på stereotypar knytte til samane.

Filmen hadde premiere i mars 2007 og vart sett av 87 000 på kino i Noreg, og det vart selt over 95 000 DVD-ar.[3] Filmmusikken vart mellom anna laga av Alta-bandet Cyaneed.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen byrjar med at hovudpersonen, Jompa Tormann, motvillig er på veg inn i eit ekteskap. Familien til brura er samla på den tradisjonelle «trulovingskaffien» på samfunnshuset i Kautokeino då «Deadly Sapmi Assassination Squad», som er samansett av Tampa Buljo, Crazy Beibifeit, Dr. Kjell Driver and Bud Light trer inn, trekkjer gevær og skyt på alt som rører seg. Ingen er meint å kome seg ut av huset i live, men Jompa overlever på mirakuløst vis og fell i ein djup koma.

Den same- og kvinnehatande politimannen Sid Wisløff vert sett på saka saman med assistenten sin, Unni Formen. Wisløff er sikker på at Jompa Tormann drap alle gjestene sine, før han skaut seg sjølv i hovudet fire gonger for å verke uskuldig.

Nokre få veker seinare, vaknar Jompa og vil ta hemn. Han sporar opp medlemmene i The Deadly Sapmi Assassination Squad og gjer opp med dei, ein etter ein. Sid Wisløff og Unni Formen, med hjelp frå Peggy Mathilassi frå Veiviseren, ligg på hjul etter han for å få han bak lås og slå.

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Skodespelar Rolle
Stig Frode Henriksen Jompa Tormann
Frank Arne Olsen Papa Buljo
Martin Hykkerud Tampa Buljo
Tommy Wirkola Sid Wisløff
Natasha Angel Dahle Unni Formen
Linda Øverlie Nilsen Peggy Mathilassi
Ørjan Gamst Crazy Beibifeit
John Even Pedersen Kjell Driver
Christian Reiertsen Bud Light
Merete Nordahl Lara Kofta
Ørjan Gamst Mr. Handjagi
Jørn Tore Nilsen Kato
Heidi Monsen Blow Job
Eirik Junge Eliassen Troll Tove
Kristian Figenschow Sid Wisløffs far
Aina Timbiani Mona Smurfen

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kill Buljo har opphav i ein kortfilm frå sommaren 2004 med same namn. Ideen til denne dukka opp då Tommy Wirkola og Stig Frode Etternamn var i den lokale videobutikken og fekk lyst til å lage ein nordnorsk parodi på Kill Bill. Dei brukte ein dag på filminga og ein halvtime på redigeringa. Denne kortfilmen var i byrjinga berre noko dei ville vise til kompisane sine, men etter kvart byrja Alta kino å vise han som forfilm og han vart lagt ut på Internett.

Filmen passerte 10 000 nedlastingar, og gjengen ville difor lage ein oppfølgjar. Denne vart filma på to dagar og redigert på ein time, og budsjettet vart dobla frå 50 til 100 kr, har dei fortalt. Denne fekk over 300 000 nedlastingar, og dermed kom ideen om å lage ein heil spelefilm.

Det var lite pengar i prosjektet i byrjinga, men det stoppa ikkje opp av den grunn. For å få startkapital til prosjektet turnerte dei med live-showet Prosjekt Adonis. Alta kommune bidrog også med 100 000 kr i støtte. Tommy Wirkola, Stig Frode Henriksen og Magne Ek starta deretter produksjonsselskapet Yellow Bastard Production, og to investorar kom etter kvart på plass.

Då filminga byrja i april 2006, hadde selskapet 400 000 kr, altså halvparten av budsjettet, i boks. Dei satsa på å få inn resten av pengane undervegs, og det klarte dei. Kill Buljo vart spela inn over ein periode på to månader, med ei prosjektleiing på tolv personar og eit budsjett på 890 000 kr.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Publikumsmottakinga av filmen var god, med 87 000 kinosjåarar og over 95 000 selde DVD-ar. Kritikarane var meir skeptiske, spesielt til humoren og handlinga, men dei kan likevel ikkje seiast å ha «slakta» filmen. «Kanskje er dette eksotisk for noen, men samtidig ytterst flaut for andre,» skriv Nettavisen.[4] Adresseavisen skriv «Sjelden har en norsk film fått så mye oppmerksomhet for så lite.»[5] Dei kritiserte også det amatørmessige preget som ligg over filmen: «Det trange budsjettet gir seg først og fremst utslag i at skuespillerne suger. Det er ingen annen måte å si det på,» skriv Bergens Tidende.[6]

Likevel meiner enkelte av dei at filmskaparane skal ha skryt for det dei har fått til utifrå det utgangspunktet dei hadde: «[…] på en litt egen terningskala, hvor privat initiativ i distrikts-Norge teller unormalt mye, drister vi oss likevel til å gi dette overskuddspregede prosjektet en treer,» skriv VG i si filmmelding.[7] «Når altaværinger selv karikerer ikke bare eget folkeferd og lynne, men også hetser samene, blir det sjukt vilt, men til dels også sprøtt morsomt,» meiner meldaren frå Stavanger Aftenblad.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kill Buljo - The Movie» hjå Oro Film / Filmweb.
  2. «Kill Buljo» hjå Medietilsynet.
  3. «Mer ‘Kill Buljo’» på BA.no (23.09.2008).
  4. «Småflaut fra Finnmark» på Nettavisen.no (22.03.2007).
  5. «Ikke veldig morosame» av Terje Eidsvåg på Adressa.no (22.03.2007)
  6. «Drep samen!» på BT.no (22.03.2007).
  7. «Kill Buljo – The Movie» av Morten Ståle Nilsen på VG.no (23.03.2007).
  8. «Mye rølp. Best på kreative filmsitater» av Kristin Aalen på Aftenbladet.no (22.03.2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]