Kim Larsen
| Kim Larsen | |||
| | |||
| Fødd | 23. oktober 1945 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Frederiksberg | ||
| Død | 30. september 2018 (72 år) | ||
| Dødsstad | Odense | ||
| Fødenamn | Kim Melius Flyvholm Larsen | ||
| Opphav | Kongeriket Danmark | ||
| Aktiv | 1969–2018 | ||
| Sjanger | rock, pop, folkemusikk, vise | ||
| Instrument | vokal | ||
| Verka som | musikar, songar, skribent, skodespelar, stemmeskodespelar, låtskrivar, popmusiker, rockemusiker, popsanger | ||
| Gift med | Liselotte Kløvborg Larsen | ||
| Born | Hjalmer Larsen, Sylvester, Lui Larsen | ||
Kim Melius Flyvholm Larsen (fødd 23. oktober 1945 i København, daud 30. september 2018)[1] var ein dansk songar, songskrivar, gitarist, forfattar og skodespelar med lærarbakgrunn.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Larsen var son Eva Flyvholm Olsen og læraren Alfred Larsen. Familien stamma frå Fyn, og Kim vart døypt i Valgmenighedskirken i Kerteminde, der morfaren hans var degn. Kim hadde òg ein eldre bror, Tore.[2] Ekteskapet til foreldra varte til Kim var omtrent fem år gammal.[3] Då forlét foreldra kvarandre. Mora tok med seg ungane og flytta inn i ei lita leilegheit i Mågevej i København. Seinare byrja Kim på Frederikssundsvejens Skole.
Som tolvåring byrja han å spela piano, og på fjortenårsdagen fekk han sin første gitar. Forbileta hans på den tida var artistar som Elvis Presley, Little Richard, Jerry Lee Lewis og Cliff Richard, i tillegg til The Beatles.[4]
Kim Larsen studerte ved Frederiksberg seminarium og arbeidde i åra 1968 og 69 som lærar ved Gerbrandskolen på Amager ved København.[5] Etter kvart bestemte han seg for å verta musikar på heiltid, og danna saman med Franz Beckerlee, Wili Jönsson og Bjørn Uglebjerg rockegruppa Gasolin'. Uglebjerg forlét gruppa og vart erstatta av Søren Berlev i 1971, før Gasolin' gav ut det første albumet sitt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Den danske sangeren Kim Larsen (72)». Dagbladet.no (på norsk). 2018-09-30. Henta 2018-09-30.
- ↑ Lund, Jakob D.; Rewers, Peter (2011). "Med Hjertet som kompas". Solisten: Historien om Kim Larsen. Gyldendal. ISBN 9788702112276
- ↑ "Stadig tid til en gammel hankat". Ritzaus Bureau. København: Ritzaus Bureau. 20. oktober 2015
- ↑ «Kim Larsen & Kjukken». web.archive.org. 2009-09-25. Arkivert frå originalen 2009-09-25. Henta 2022-04-21.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Bundgaard 2011, s. 40
- Denne artikkelen bygger på «Kim Larsen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2018.