Kinnskjegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik Ibsen (1828-1906) levde på ei tid då kinnskjegg var vanleg.

Kinnskjegg, øyreskjegg, whiskers eller bokmål bakkenbartar er ein skjeggfrisyre der skjegget dekkar øvste og/eller bakre del av ansiktet. Storleiken kan variere frå små striper føre øyrene til fyldige busker som dekker halve ansiktet. Kinnskjegget kan vere bunde saman med ein bart, men haka og den nedste delen av ansiktet er alltid glattbarbert.

Eit slanguttrykk for kinnskjegg for «kotelettar». Med dette meiner ein særleg den større typen, som rockabilly-entusiaster ofte nyttar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tidene har ulike folkegrupper hatt kinnskjegg. Skjeggmoten blei utbreidd i Vest-Europa under napoleonstida inspirert av dei ungarske husarane, og var først brukt av militære. Stilen spreidde seg både aust til Meiji-Japan og vest til Amerika. Mange latinamerikanske fridomsheltar som er kjende frå ulike framstillingar, som José de San Martín, Manuel Belgrano, Antonio José de Sucre, Bernardo O'Higgins, José Miguel Carrera og Antonio Nariño, hadde kinnskjegg. Norske personlegdommar frå 1800-talet, som Ibsen, Bjørnson og Wergeland, er også kjende for å ha hatt kinnskjegg.

Ved byrjinga av 1900-talet blei det mindre vanleg å ha skjegg, men kinnskjegg kom tilbake som mote ved midten av hundreåret då førebilete som James Dean og Elvis Presley hadde det. Kinnskjegg blei eit opprørsk ungdomsuttrykk brukt av rockarar, hippiar og skinheads. Det blei også vanleg ved homseklubbar i San Francisco og Sydney.

Ambrose Burnside (1824-1881) med «sideburns».

Ulike ord for kinnskjegg[endre | endre wikiteksten]

Engelsk

På engelsk kan kinnskjegg heita (mutton-chop) whiskers, sideburns (også burnsides) eller sideboards. «Mutton chop» er om lag det same som kotelett, og viser til forma på nokre typar kinnskjegg. «Whisker» kjem frå børste eller kost og kunne tidlegare visa til all hårvekst i andletet; i dag kan det også visa til vêrhår og hårliknande vekstar i andletet på dyr. «Sideboard» tyder også reiebord. Omgrepet «sideburns» er avleidd av «burnsides» og kjem frå den amerikanske generalen og guvernøren Ambrose Everett Burnside.

Fransk

På fransk kan kinnskjegg heita favoris, côtelettes, rouflaquettes (eit slanguttrykk danna som ei samantrekking av roufles favoris) eller pattes ('fot', som kaninfot).

Tysk

Det tyske ordet «Backenbart» tyder bokstaveleg 'kinnskjegg' og er opphav til dansk og norsk «bakkenbart». På tysk er skjeggtypen òg kalla Koteletten, Kontur og tidlegare Favoris.


Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kinnskjegg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]