Kirkenær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkenær
tettstad
Stasjonsvegen mot Kirkenær stasjon
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Grue
Areal 1,95 km²
Folketal 1 216  (2023)
Folketettleik 624 / km²
Postnummer 2256 GRUE FINNSKOG
Preposisjon Kirkenær
Kart
Kirkenær
60°27′28″N 12°03′31″E / 60.4579°N 12.05855°E / 60.4579; 12.05855
Wikimedia Commons: Kirkenær

Kirkenær er ein tettstad og administrasjonssenteret i Grue kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Tettstaden ligg ved riksveg 2 og Solørbanen, om lag 37 km nord for Kongsvinger, og har 1 216 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Kirkenær har vakse fram som tenest- og handelssenter for store delar av Solør-distriktet. Staden har mølle og kornsilo og industri innan trevyrke, elektronikk, jarn- og metallvarer.

Gruetunet museum er eit friluftsmuseum med avdeling som viser finnekulturen i Sør-Noreg. Grue kyrkje frå 1828, vart restaurert i 1976. Ved kyrkja står ein minnestein over dei 122 omkomne etter kyrkjebrannen 1. pinsedag 1822, den største kyrkjebrannen i Noregs historie.[1]

Glamox Luxo er ei hjørnesteinsbedrift på staden som produserer armbaserte lampar.[2]

Bilete frå Kirkenær[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirkenær». Store norske leksikon. Henta 2. desember 2018. 
  2. Effektivisering i alle ledd. Kongsvingerregionen.no. Vitja 18. juli 2020. «– Om fem år mener jeg likevel vi fremdeles kan være 50 ansatte, men da produserer vi kanskje 25 prosent mer, legger han til. [...] Grue-bedriften, som er den eneste i Glamox Luxo-familien som lager armbaserte produkter»