Solørbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solørbanen
Info
Type Jernbane
System Éinspora uelektrifisert bane
Utgangsstasjon Kongsvinger stasjon
Endestasjon Elverum stasjon
Tal på stasjonar 18
Drift
Opna 4. desember 1910
Eigar Bane NOR
Operatør(ar) Cargolink, CargoNet, Hector Rail og TÅGAB
Type trafikk Gods
Loktypar Di. 6, Di. 8, TMY, TMZ og BR 941
Teknisk
Lengd 93,6 km

Solørbanen går frå Kongsvinger til Elverum. Banen var ferdig 4. desember 1910. Strekninga Kongsvinger–Flisa vart opna i 1893. Sidan persontrafikken på banen vart lagt ned på starten av 1990-talet går det no berre godstog, for det meste med tømmer og flis. Banen er 94 km lang og ikkje er elektrifisert. Ved Haslemoen finn ein landets nest lengste rette strekning med jernbanespor.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Trondheimstoget over Røros har blitt kjørt på Solørbanen; dagtoget gjekk her i periodane 1943–1946 og 1986–1989. I tida 1986–1991 gjekk òg natttoget her.

Etter damplokomotiva vart borte, vart NSB type 86 nytta i persontrafikken.

Viktige stoppestader var Kirkenær, Flisa og Braskereidfoss.

Tømmerterminalar[endre | endre wikiteksten]

Solørbanen har to operative tømmerterminalar. Den eine ligg på Vestmo like sør for Elverum og den andre ligg på Braskereidfoss.[1][2] Tidlegare var det ein terminal på Brandval.[3]

Framtidsplanar[endre | endre wikiteksten]

Solørbanen er viktig for transport av tømmer til Sverige. I Nasjonal transportplan 2018-2029 er banen foreslått elektrifisert. Det er òg planlagt tilsving til Kongsvingerbanen ved Kongsvinger og tilsving til Rørosbanen ved Elverum. Begge desse er foreslått for å kunne ha gjennomgåande tog. Planleggingsprosessen for tilsvinget ved Elverum vart starta i 2019.[4]

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Elverum stasjon
Braskereidfoss stasjon
Roverud stasjon
Kongsvinger stasjon
Teiknforklaring
Vis V vegar, H historikk
Rørosbanen frå Rena
194,60 km Elverum (1862)
Solørbanen Hamarvegen
til Hamar
Prestfoss fabrikk sidespor
Terningåa (ca. 25 m)
Vinnheia (1932)
Stolpeterminalen (Glommen skogeierforening)
190,70 km Vestmo tømmerterminal
Nordhaug (1929)
Fv505 Vestsivegen
188,46 km Vesterhaug (1910–1986)
Haugsfoss bru (Glåma vest, ca. 90 m)
Knapfoss bru (Glåma øst, ca. 50 m)
Knappen (1932)
Solørbanen Solørvegen
Mostu (1929)
Fv530
185,25 km Heradsbygd (1910)
Houmsmo (1929)
Holtet (1957)
Solørbanen Solørvegen
180,97 km Jømna (1910)
Fv530
Jømna (ca. 20 m)
179,05 km Hornberget (1956–1986)
Møystad spor (1929)
Sormbrua (1929)
Sormbråten (1932)
170,26 km Braskereidfoss (1910)
Fv491
Forestia sidespor
Fv507
Fv508
Kåten (1929)
Østlandske Torv sidespor
164,46 km Våler (1910)
Fv496
Grønland (1929)
210
160,88 km Hasle (1955)
Svenneby (1929)
155,65 km Haslemo (1910–1986)
153,01 km Åsnes kirke (1930–1986)
Hasla (ca. 20 m)
206 Kaffegata
150,15 km Flisa (1893)
Flisa (ca. 80 m)
Solørbanen Kjølarønningen
industrispor
Kveset spor (1929)
Fv438
144,85 km Arneberg (1893)
Fv439
Nybakk (1929)
Fv417
Trangsrud (1929)
137,92 km Namnå (1893)
Fv415
Gruset (1929)
Byrmo (1929)
133,14 km Kirkenær (1893)
industrispor
201 Finnskogvegen
Skjelver (1929)
Gardsjøen (ca. 20 m)
Fv407
Vangerud (1929)
127,46 km Grinder (1893, sidespor)
Fv408 Grindervegen
industrispor
Piksrud (1929)
Solørbanen Solørvegen
Sæta (1929)
Strømsnes (1929)
Solørbanen Østre Solørveg
120,54 km Nor (1893)
Folkvang (1929)
117,24 km Brandval sag
116,38 km Brandval (1912)
Myrer (1932)
Haug (1929)
Eik (1965)
109,30 km Roverud (1893, sidespor)
205 Roverudgata
Rustadmo (1936)
Rustad Nordre (1929)
Rustad (1932)
Rustad Søndre (1929)
Mensrud (1932)
Solørbanen Masterudveien arm
Solørbanen Masterudveien (ca. 40 m)
Noret
Noret (ca. 40 m)
Grensebanen frå Charlottenberg
Solørbanen Solørbanen Østre Solørveg
Norsenga tømmerterminal
100,28 km Kongsvinger (1862)
Kongsvingerbanen til Lillestrøm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vestmo/ Elverum - Bane NOR kundeportal», www.banenor.no, henta 6. september 2019 
  2. «Braskereidfoss - Bane NOR kundeportal», www.banenor.no, henta 6. september 2019 
  3. «Brandval - Bane NOR kundeportal», www.banenor.no, henta 6. september 2019 
  4. «Elverum tilsving - Bane NOR», www.banenor.no, henta 6. september 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]