Kirkens Nødhjelp
Kirkens Nødhjelp | |||
Hovudkontoret til Kirkens Nødhjelp i Bernhard Getz' gate 3 i Oslo. | |||
Org.nr. | 951434353 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1947 | ||
Hovudkontor | Oslo kommune | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://kirkensnodhjelp.no (norsk), https://kirkensnodhjelp.no/en (engelsk) |
Kirkens Nødhjelp er ein friviljug, felleskyrkjeleg hjelpeorganisasjon. Organisasjonen jobbar med katastrofehjelp, langsiktig utviklingsarbeid og med å påverke haldningar og politiske beslutningar. Kirkens Nødhjelp er medlem av det internasjonale nettverket «Action of Churches Together» (ACT).
Organisasjonen støttar prosjekt i rundt 70 land, og har eigne kontor i 25 av desse. Dei tematiske prioriteringane til organisasjonen er hiv/aids, vatn, kjønnsbasert vald, fred og forsoning, godt styresett og klimaendringar. Organisasjonen får økonomisk støtte frå private gjevarar, Norad og frå Utanriksdepartementet.
Kirkens Nødhjelp si ungdomsrørsle heiter Changemaker, og den jobbar for å endre dei strukturelle årsakene til urettvise og fattigdom. Kirkens Nødhjelp sitt utvekslingsprogram for ungdom heiter Communication for Change.
Generalsekretær er Lisa Sivertsen. I april 2019 tek Dagfinn Høybråten over som generalsekretær.
Leiar av organisasjonen sitt styre er Kjetil Aano.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I oktober 1947 vedtok Menighetspleiernes Landsforbund å samle inn pengar og forsyningar til folk som leid naud i Tyskland. Ikkje lenge etter vart organisasjonen Kirkens Nødhjelp stifta.
I 1961 vart det etablert eit arbeid i Abakaliki i Nigeria, der behovet var stort etter Biafra-krisen i regionen. Dette var det første langsiktige utviklingsprosjektet i regi av Kirkens Nødhjelp. Tidlegare hadde organisasjonen jobba med katastrofehjelp.