Hopp til innhald

Kirzjatsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirzjatsj
Киржач
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Høgd 135 m
Areal 21 km²
Folketal 27 318 (2021)
Først nemnd i 1332
   Bystatus 1778
Postnummer 601010
Retningsnummer +7 49237
Kart
Kirzjatsj
56°09′00″N 38°52′00″E / 56.15°N 38.866666666667°E / 56.15; 38.866666666667
Wikimedia Commons: Kirzhach

Kirzjatsj (russisk Киржа́ч) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 100 km vest for Vladimir.

Byen oppstod på 1300-talet som ein sloboda tildelt Forkynbingsklosteret. Klosteret var grunnlagd av Sankt Sergej av Radonezj, som budde i området mellom 1354 og 1358. Mesteparten av tida det eksisterte var klosteret sterkt avhengig av det mykje større Troitse-Sergijeva Lavra-klosteret, som ligg rundt 50 km mot vest.

Den vesle klosterkatedralen, oppført under Ivan den store, høyrer til den tidlege moskovittiske typen av katedralkyrkjer. Han vert vanlegvis rekna som den siste og vakraste eksemplaret av denne konservative typen (bilete). Eit ope galleri knyter katedralen med den nærliggande Frelsarkyrkja, bygt i form av eit firkanta tårn og toppa med eit teltliknande klokketårn. Denne kyrkja vart bestilt av Miloslavskij-bojarane i 1656 og inneheld gravkammeret til familien. Refektoriet frå 1500-talet, med St. Sergej-kyrkja, vart rive under sovjettida.

Etter at klosteret vart oppløyst i 1764, fekk slobodaen byrettar (i 1778). Kirzjatsj utvikla seg så, som mange andre byar i området, primært som eit senter for tekstilindustri.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Kirzjatsj