Hopp til innhald

Kovrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kovrov
Ковров
by
Kovrov jernbanestasjon
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Høgd 125 m
Areal 57 km²
Folketal 127 831 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1100-talet
   Bystatus 1778
Postnummer 601900–601919
Retningsnummer (+7) 49232
Kart
Kovrov
56°21′38″N 41°19′11″E / 56.360555555556°N 41.319722222222°E / 56.360555555556; 41.319722222222
Wikimedia Commons: Kovrov

Kovrov (russisk Ковро́в) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 130 000 innbyggjarar. Han ligg på høgresida av elva Kljazma, rundt 60 km aust for Vladimir.

Byen var frå 1100-talet og gjennom mellomalderen overskugga av den nærliggande Starodub-na-Kljazme, men Kovrov fekk omsider byrettar i 1778. På 1700-talet vart det etablert tekstilfabrikkar i Kovrov og med bygginga av jernbanen mellom Moskva og Nizjnij Novgorod, som er ein av dei eldste i Russland, kom ein økonomisk oppsving. Den store industrialiseringa følgde først i den kommunistiske epoken.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Byen er eit større senter for forsvarsindustrien i Russland, med hovudvekt innan mekaniske konstruksjonar, metallhandsaming, tekstil- og lettindustri, samt bygningsindustri.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kovrov