Hopp til innhald

Koltsjugino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For byen med det eldre namnet, sjå Leninsk-Kuznetskij.
Koltsjugino
Кольчугино
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Høgd 175 m
Areal 25 km²
Folketal 37 741 (1. januar 2024)
Først nemnd i 1871
   Bystatus 1931
Postnummer 601780
Retningsnummer +7 49245
Kart
Koltsjugino
56°17′57″N 39°22′59″E / 56.299166666667°N 39.383055555556°E / 56.299166666667; 39.383055555556
Wikimedia Commons: Kolchugino

Koltsjugino (russisk Кольчу́гино) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Peksja, ei sideelv til Kljazma, rundt 70 km nordvest for Vladimir.

Koltsjugino vart grunnlagd i 1871 som ein busetnad ved fabrikkar for handsaming av kopar og produksjon av tråd, som høyrte til den moskovittiske forretningsmannen A. G. Koltsjugin (derfor namnet Koltsjugino). Han fekk bystatus i 1931.

Byen er velkjend på grunn av fabrikken for produksjon av bordservise som ligg her. Denne fabrikken vart òg grunnlagt av Aleksander Koltsjugin. Dei fleste russiske teglass-haldarar vart laga i Koltsjugino.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Koltsjugino