Kiwano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kiwano

2015-02-01 Cucumis metuliferus Kiwano anagoria.JPG

Vitskapleg namn
Cucumis metuliferus
Utbreiing
Område: Opphavleg tropisk Afrika, no tropiske og subtropiske område i heile verda.
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Cucurbitales
Familie: Cucurbitaceae
Slekt: Cucumis
C. metuliferus

Kiwano (Cucumis metuliferus) er ei frukt som stammar frå dei afrikanske tropane. Ho veks på ein eittårig slyngplante i agurkslekta.

Botanisk teikning av kiwano.

Kiwanofrukta er avlang med ei lengd på rundt 13 cm. Ho har grønt- eller gulfarga skal med hornaktige taggar. Fruktkjøtet er saftig og grønt med fleire flate frø, og har konsistens liknande det til ein agurk. Smaken er forfriskande og er blitt samanlikna med banan og lime, agurk og squash eller banan, agurk og sitron.[1] Ein kan eta frukta rå, som ho er, eller i ein salat eller cocktail. Som regel tek ein ut fruktkjøtet, men også skalet kan etast.

Kiwano er rikt på A-, B- og C-vitamin og på mineral som kalsium, kalium, magnesium og fosfor. Under tørketida i Kalahari er kiwano og frukta til Acanthosicyos naudinianus dei einaste vasskjeldene.[2]

Frukta er ein tradisjonell afrikansk matplante som også er blitt dyrka i USA, Chile, Australia, New Zealand og Israel. I Zimbabwe blir kiwano kalla gaka eller gakachika. Andre engelske namn er horned melon fruit eller African horned cucumber.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]