Kjell Jonevret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Jonevret
Kjell Jonevret 060805.jpg
Fødd 28. juni 1962 (57 år)
Stockholm i Sverige
Kallenamn Kjelle[1]
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1979–1983
1984–1985
1985–1987
1988–1990
1990–1992
Brommapojkarna
AIK
Brommapojkarna
Viking
Vasalund
Trenarkarriere
1993–1994
1995
1996–1997
1998
1999–2000
2001–2003
2004–2006
2007–2010
2012-
Vasalund (ass.)
Brommapojkarna
AIK (ass.)
IK Sirius FK
Västerås SK
Café Opera
Djurgården
Molde
Viking

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Kjell Anders Jonevret (fødd 28. juni 1962) er ein svensk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Hen er for tida hovudtrenar for Viking FK. Der han vart tilsett 19. juni 2012 og fekk då ein kontrakt ut 2015 sesongen (tre og eit halvt år).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han vart tilsett som trenar for Molde Fotballklubb i desember 2006, og tok MFK til siger og opprykk frå 1. divisjon i 2007. I 2008 vart det ein 9. plass i Eliteserien og semifinale i cupen.

I 2009 leia han Molde FK til sølv i Eliteserien og sølv i den norske cupen. Den 30. august 2010 fekk han sparken som hovudtrenar av klubben på bakgrunn av dei svake sportslege resultata den sesongen.

Jonevret kom til Molde frå trenarjobben i Djurgårdens IF Fotboll. Han leda Djurgården til svensk serie- og cupmeisterskap i 2005. I 2005/06 sesongen spelte klubben Champions League-kvalifisering mot Juventus. Djurgården leia 2-0 borte mot Juventus men det enda 2-2. I returen vann italienarane 4-1. Han fekk sparken etter 2006-sesongen fordi dei sportslege ambisjonane til klubben ikkje var oppnådd.

Han var assistenttrenar under Erik Hamrén i AIK Fotboll og Vasalund.

Jonevret vart som spelar cupmiester med Viking i 1989, med siger over nettopp Molde i finalen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Som trenar[endre | endre wikiteksten]

  • SM-gull (2005) med Djurgården
  • Svensk cupmeister (2004, 2005) med Djurgården
  • Addecoligameister (2007) med Molde FK
  • Sølv i Tippeligaen (2009) med Molde FK
  • Sølv i den norske cupen (2009) med Molde FK

Som spelar[endre | endre wikiteksten]

  • Tidenes toppscorar på IF Brommapojkarna
  • Cupmeister med Viking FK (1989) (slo Molde i finalen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kjell Jonevret har som svensker flest et kallenavn. – Kjelle! Du bare legger til en e på slutten, det er typisk svensk, forklarer han muntert.» Line Lauvsnes Oddekalv (16. mai 2009). «Storbygutten fant lykken i Molde». Aftenposten.no. Henta 25. november 2011.