Kjemisk sambinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei kjemisk sambinding inneheld to eller fleire atom, minst to av desse frå ulike grunnstoff, som er kjemisk bundne til kvarandre. Det nye stoffet (produktet) har andre eigenskapar enn utgangsstoffa.

Modellar for kjemisk sambinding[endre | endre wikiteksten]

I ein modell for kjemisk binding vert oktettregelen nytta. Denne går ut på at atoma deler elektron slik at dei alle får åtte valenselektron, difor er det berre edelgassane som kan framstå på eigenhand utan binding til andre atom. Dei atoma som ikkje oppfyller oktettregelen dannar binding til andre atom. Dei kan binda seg til atom av det same eller andre grunnstoff. Viss atoma er like får ein ei form av grunnstoffet. Det finst kjemiske sambindingar med fleire eller færre elektron enn oktettregelen skulle tilseia.

Ein annan måte å forklara kjemisk sambinding er å nytta orbitalteori.

Eksempel på kjemiske sambindingar[endre | endre wikiteksten]

Nokre eksempel på kjemiske sambindingar er vatn H2O, som består av 2 hydrogenatom og 1 oksygenatom eller monosakkarid som C6H12O6 som har 6 karbonatom 12 hydrogenatom og 6 oksygenatom.

Ein kan dela kjemiske sambindingar inn i grupper som til dømes:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kjemiske sambindingar