Åkersnelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjerringrokk)
Åkersnelle
Åkersnelle
Åkersnelle
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karsporeplanter Pteridophyta
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Orden: Snelleordenen Equisetales
Familie: Snellefamilien Equisetaceae
Slekt: Snelleslekta Equisetum
Art: Åkersnelle E. arvense
Vitskapleg namn
Equisetum arvense

Åkersnelle eller kjerringrokk (Equisetum arvense) er éin av totalt 18 artar iv snelleslekta (Equisetum). Dette er stråliknande, ledda plantar som er den einaste gjenverande slekta av Sphenopsida, som i karbontida dominerte jorda med artar opp til 30 meter høge. Restar av artane i karbontida utgjer store delar av kolreservane på jorda.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Åkersnelle er særs vanleg i Noreg, og har utbreiing på den nordlege halvkula. Planten formeirer seg ved hjelp av sporar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Planten blir oppil 50 cm høg, normalt over 20 cm, og dannar buskaktige klynger. Han skil seg frå skogsnelle ved at stenglane anten er fertile/fruktbare (utan blad) eller sterile/ufruktbare (med blad). Dei fruktberande stenglane er òg meir varierte i farge ved at «ledda» er mørkare og at dei har eit mørkare gråbrunt sporeaks i toppen. Dessutan har skogsnelle sterkt forgreina bladstilker om sommaren, noko engsnelle ikkje har.

Om våren er stengelen 15–25 cm høg og nesten ein halv cm tjukk, med 8 eller fleire grove skjelblad rundt stilken i kvar krans. Om våren er bladgreinene knapt synlege og ikkje forgreina, men når sporane er spreidde visnar vårstengelen. Greinene er litt hengande både på vår- og sommarstenglane. Sommarstengelen er gjerne 20–40 cm høg, men berre 3 mm tjukk og særs ru i konsistensen.

På den ufruktbare stengelen står kransar av blad ut i kvart «ledd» av stengelen, og til liks med blada til skogsnella heng òg dei til engsnella nedover, eller litt meir utover.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Jens Holmboe var planten ei av dei viktigaste kjeldene til etande «røter» i gammal tid. Knollar på rotstenglane, som hadde storleik som ertar, har ein søt smak som minnar om nøttekjernar.[1] Nyttevekstleksikonet til Norges sopp- og nyttevekstforbund rår til varsemd fordi planten, som andre snellar, inneheld thiaminase, eit ensym som spaltar B-vitamin, og fordi han kan irritera nyrene.[2] Det blir åtvara mot bruk over periodar lenger enn 6 veker, og personar med nedsett hjarte- eller nyrefunksjon bør ikkje bruka naturmedinske preparat av åkersnelle.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jens Holmboe. Gamle norske matplanter. Oslo: I kommisjon hos J. Dybwad. s. 16. 
  2. «Åkersnelle i Nyttevekstleksikonet». Norges sopp- og nyttevekstforbund. Henta 4. juli 2021. 
  3. Vaughan, John Griffith. The oxford book of health foods (på engelsk). s. 91. «Horsetail [Equisetum arvense] should not be used for more than 6 weeks … [or] be given to those with impaired heart or kidney function.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]