Kjeungskjær fyrstasjon
![]() Kjeungskjær fyrstasjon Foto: Gerd A.T. Müller | |
Fylke | Trøndelag |
---|---|
Kommune | Ørland |
Funksjon | Leifyr |
Oppretta | 1880 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 20,6 |
Form | Fyrbygning med tårn |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sekund |
Lyshøgd | 17,5 moh. |
Lysvidde | 9,9 nm |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 1987 |
Avfolka | 1987 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Kjeungskjær fyrstasjon | |
Kjeungskjær fyrstasjon er eit fyr som ligg i Bjugnfjorden i Ørland kommune i Trøndelag.
Den 20,6 meter høge fyrbygningen er åttekanta og står på eit lite skjer utanfor Ørlandet. Fyret er bygd i 1880, men vart gjort høgare i 1906 med lykta plassert på taket. Naustbygningen er bygd tett inntil tårnet. Bustaden på stasjonen er ein del av sjølve fyrtårnet. Det opphavlege franske linseapparatet er framleis i bruk. Kjerungskjær vart automatisert og avfolka i 1987.
Området som fyrstasjonen ligg i er fuglelivsfreda etter lov om naturvern. Som ein særs særprega fyrstasjon er fyret freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008 - side 418» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Kjeungskjær fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Kjeungskjær fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren