Terningen fyrstasjon
![]() | |
Fylke | Trøndelag |
---|---|
Kommune | Hitra |
Funksjon | Leifyr |
Oppretta | 1833 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 12,0 |
Form | Lyktehus |
Byggjemateriale | Betong |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sekund |
Lyshøgd | 17,8 moh. |
Lysvidde | 13,4 nm |
Status | |
Automatisert | 1991 |
Avfolka | 1991 |
![]() Terningen fyrstasjon | |
Terningen fyrstasjon er eit fyr som ligg i Trondheimsleia på ei øy mellom fastlandet og Hitra ved innløpet til Hemnfjorden i Trøndelag.
Fyret står om lag 1,2 km sørvest for Jøsnøya. Fyrstasjonen vart oppretta i 1833. Fyret består av eit tolv meter høgt betongtårn og har ei lyshøgd på 17,8 meter over havet. Dette gjev ei lysvidde på 13,4 nautiske mil. Fyret vart avbemanna og automatisert i 1991.
Terningen fyr vert i dag vedlikehalde av Terningens Venner og vert leigd ut for overnatting.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008 - side 372» (PDF). Kystverket. Arkivert frå originalen (PDF) 2011-07-19.
- «Utvær fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.