Kya fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kya fyrstasjon
Kya fyrstasjonFoto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren
Kya fyrstasjon
Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren
Fylke Trøndelag
Kommune Osen
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1920
Koordinatar 64°27.9000′N 10°12.9000′EKoordinatar: 64°27.9000′N 10°12.9000′E
Fyrtårn
Høgd 22,5 m
Form Fyrbygning med tårn
Byggjemateriale Støypejern
Fyrlys
Lyskarakter Rundtlysande med blink kvart 10. sekund
Lyshøgd 29,0 moh
Lysvidde 12,2 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1958
Avfolka 1958
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Kya fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme langt til havs utanfor Buholmråsa fyrstasjon i Osen kommune i Trøndelag. Fyret er det nordlegaste på Fosen.

Kya fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Kya fyrstasjon

Fyrtårnet er eit 22,5 meter høgt sylindrisk støypejernstårn på ein høg sokkel av hogd stein. Den opphavleg 2. ordens lynblinklinsa er byta ut med ei mindre, fast linse. I tårnet finst ein liten bustaddel. I tillegg til tårnet finst eit naust, ein landing og ein skjenelagd gangveg. Fyrstasjonen har vanskelege landingstilhøve og naustet er forma får å gje sjøen minst mogeleg motstand. Kya er ein av dei mest vêrharde stasjonane langs norskekysten.

Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 1958 og er i dag freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]