Bjørgulv Braanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørgulv Braanen
Bjørgulv Braanen av Erlend Berge.jpg
Fødd 14. november 1956
Fredrikstad
Yrke journalist, redaktør
Born Aksel Braanen Sterri
Bjørgulv Braanen på Commons

Bjørgulv Braanen (fødd 14. november 1956 i Fredrikstad) er ein norsk journalist og debattant på venstresida. Han vart redaktør av den venstreorienterte dagsavisa Klassekampen i Oslo i 2002.

Braanen var leiar for Yrkesskoleelevenes og lærlingenes interesseorganisasjon (YLI) frå 1977 til 1979. Han arbeidde som journalist i Klassekampen frå 1984 til 1990 og som redaksjonssjef frå 2000 til 2002, då han vart redaktør for avisa. I perioden frå 1990 til 2000 arbeidde han for avisa Dagens Næringsliv.

Braanen har grunnfag i historie. Han har yrkesbakgrunn som sveisarlærling og har fagbrev som sveisar. Han har vore leiar i Raud Ungdom. I 2005 peika Dagbladet han ut som ein av Noregs ti viktigaste intellektuelle. Året etter fekk han Fritt Ord-prisen for Klassekampen sitt bidrag til seriøs politisk journalistikk. Braanen vart kåra til «årets redaktør» av Oslo Redaktørforening i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]