Knut H. Klonteig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut H. Klonteig
Fødd 12. mars 1857
Død

4. mai 1942 (85 år)

Knut Høljesson Klonteig (12. mars 18574. mai 1942) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Tinn i Telemark. Han representerte einmannskrinsen Øst-Telemarken på Stortinget perioden 1919-21, vald for partiet Venstre. Hølje Halvorsson Klonteig var far hans.

Klonteig tok til på Asker seminar i 1876, men vart sjuk og måtte slutte i 1878, før eksamen. I 1880 tok han underoffisereksamen i Kristiansand. Perioden 1882-93 var han heradskasserar i Tinn. Han var sersjant frå 1884, utnemnd til kommandersersjant i 1905 og fanejunker i 1910. Frå 1886 var han gardbrukar på Einung i Tinn, etter svigerfaren. I tillegg var han dampskipsførar på Tinnsjøen i periodane 1891-96 og 1900-07.

Han vart medlem av heradsstyret i 1888, og forlikskommissær frå same året. Klonteig var ordførar i Tinn i 15 år; 1901-16. Etter å ha vore varamann til Stortinget frå Øst-Telemarken i tida 1910-15, vart han ved stortingsvalet 1918 vald til stortingsmann for same krinsen og Venstre. Han var medlem i Protokollkomiteen, som sekretær frå 21. juni 1920.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]