Komle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tallerken med salt lammekjøt, vossakorv, kålrabistappe, poteter og komle (øvst til høgre).

Komle er ein matrett som òg er kjend som raspeball, klubb eller kompe. Namnet på matretten varierer etter talemål og landsdelar i Noreg. Matretten vert laga til av raspa poteter som saman med mjøl vert knadd til ein ball. Komlene vert så kokt.

Komler kan serverast saman med ulike typar kjøt og pølser. Ein kan òg ha noko inni komlene når ein lager dei, såkalla komle med dott i. Det kan vera at ein har inni ein bit flesk eller kjøt. Somme et retten saman med kålrabi, nokon likar å ete dette med sukker, sirup eller duppe.

Gamle komler kan varmast opp att ved å steikast. Då vert dei ofte servert i små steikte bitar saman med steikte pølser.

Ikkje-norske slektningar av potetballen er tysk Knödel og italiensk gnocchi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]