Kon-Tiki-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kon-Tiki-ekspedisjonen var ein seglas med flåten «Kon-Tiki» under leiing av Thor Heyerdahl i 1947 for å sannkjenne ein del av teorien åt Heyerdahl om folkevandringa i Stillehavet. Flåten blei bygd av balsatre. Ein nytta korkje spiker eller ståltråd for å sette han saman, berre tau av hamp. Bambusrøyr, bananblad og nokre få fureplankar var anna byggjematerialar i flåten.

Seglasen starta frå Callao, hamnebyen ved Lima i Peru den 28. april 1947, og tok slutt på eit korallrev ved Raroia i Polynesia den 7. august etter ein overfart på nesten 8 000 km i løpet av 101 dagar. Heyerdahl hadde nå prova teorien om at balsaflåtar kan flyte og segle frå vestkysten av Sør-Amerika til Polynesia, og at det ikkje er noko hinder for at menneske kan ha reist same ruta i førkolumbisk tid.

Bok og film[endre | endre wikiteksten]

Boka til Heyerdahl om ekspedisjonen vart utgjeven på engelsk i 1948, og omsett til mange språk. Ho kom ut på norsk same år under namnet Kon-Tiki ekspedisjonen og blei ein bestseljar. I 1951 kom filmen Kon-Tiki, som vann ein Oscar for beste dokumentar. Heyerdahl både regisserte og spela i filmen.

Namnet «Kon-Tiki»[endre | endre wikiteksten]

Flåten blei døypt «Kon-Tiki» etter «solkongen» Con-Tiki Viracocha. Etter det Thor Heyerdahl skriv i boka si om ekspedisjonen fortel ei segn at Tiki og folket hans levde ved Titicaca. Ein dag vart dei overfalle og nesten utrydda av ein nabostamme. Berre Kon-Tiki og dei næraste overlevde. Dei tok seg ned til havet, kor dei forsvann over havet mot vest. I følgje Thor Heyerdahl er Kon-Tiki stamfar til folket i Polynesia.

Mannskap[endre | endre wikiteksten]

Med unntak av den svenske sosiologen Bengt Danielsson var mannskapet om bord Thor Heyerdal sine vener frå Little Norway under krigen. Utanom ekspedisjonsleiaren Heyerdahl var desse med:

  • Erik Hesselberg, som navigatør. Han var ein god målar og hadde teikna den store Kon-Tiki figuren på seglet.
  • Knut Haugland, radioekspert som hadde hatt ei viktig rolle under tungtvatnsaksjonenVemork under krigen.
  • Torstein Raaby, også radioekspert, hadde spela ein viktig rolle under krigen ved senkinga av den tyske kryssaren Tirpitz.
  • Herman Watzinger, student ved NTH. Tok fri frå studiane og var ansvarleg for meteorologiske og hydrografiske målingar undervegs.
  • Bengt Danielsson blei hyra på i Peru som stuert, med ansvar for daglege matrasjonar. Han var den einaste av mannskapet som snakka spansk, og blei brukt som tolk.

Antropologi[endre | endre wikiteksten]

Medan seglasen med Kon-Tiki var eit interessant eksperiment som demonstrerte Heyerdahl sin teori om sjødugleiken for balsaflåtar, er teorien om folkevandringar over havet omstridt og lite omtykt av antropologar. Fysiske og kulturelle særtrekk gjer at denne gruppa fagfolk lenge har hevda at Polynesia blei busett frå vest mot aust. Folkeflyttinga starta i Asia, ikkje Sør-Amerika. Seint på 1990-talet har ein ved DNA-testar funne at polynesiarane har meir fellestrekk med folk frå Søraust-Asia enn med folk frå Sør-Amerika, noko som kan prove at forfedrane deira mest sannsynleg kom frå Asia.

Ein må likevel legge til at Thor Heyerdahl aldri ville påvise at «dagens» folk i Polynesia ættar frå Sør-Amerika. I følgje enkelte polynesiske legender var Polynesia opphavleg busett av to folkeslag, dei såkalla langøyra og dei kortøyra. I ein blodig krig blei heile den langøyra folkesetnaden utrydda og de kortøyra overtok eineherredømme over Polynesia. Heyerdahl hevda at den utrydda folkesetnaden var dei som ætta frå Sør-Amerika, ikkje dagens, dei kortøyra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Kon-Tiki Museet
  • Heyerdahl, Thor: Kon-Tiki ekspedisjonen. Gyldendal (1948)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]