Kong Christian stod ved højen Mast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Kong Kristian stod ved højen mast» framført av United States Navy Band (instrumental).

«Kong Christian stod ved højen mast» er den danske nasjonalsongen som vert brukt når dei kongelege er til stades.

Johannes Ewald skreiv teksten i 1779. Songen har bakgrunn i eit skipsforlis ved Hornbæk i 1770-åra. Her vart skipperen redda av dei lokale fiskarane, som etterpå avslo eit tilbod om løn sjølv om dei var utfattige. Redningsdåden førte til at Ewald skreiv syngespelet Fiskerne, der ein finn denne songen med lovprisinga av dei danske sjøheltane.

Opphavsmannen til melodien er ukjent. Det kan vere ein vandremelodi som fann si endelege form i Daniel Friedrich Rudolph Kuhlau sin musikk til «Elverhøi» frå 1828. I dette festspelet med tekst av Johan Ludvig Heiberg, skrive til den seinare Frederik VII sitt bryllaup, sluttar ouverturen med denne melodien. Avslutninga til stykket er eit kor, «Beskærm vor konge, store Gud», på same melodi.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Kong Kristian stod ved højen mast
i røg og damp.
Hans værge hamrede så fast,
at gotens hjælm og hjerne brast.
Da sank hvert fjendtligt spejl og mast
i røg og damp.
Fly, skreg de, fly, hvad flygte kan!
hvo står for Danmarks Kristian,
hvo står for Danmarks Kristian, i kamp?
Niels Juel gav agt på stormens brag:
Nu er det tid!
Han hejsede det røde flag
og slog på fjenden slag i slag.
Da skreg de højt blandt stormens brag:
Nu er det tid!
Fly, skreg de, hver, som ved et skjul!
hvo kan bestå mod Danmarks Juel,
hvo kan bestå mod Danmarks Juel, i strid?
O, Nordhav! glimt af Wessel brød
din mørke sky!
Da ty'de kæmper til dit skød,
thi med ham lynte skræk og død.
Fra vallen hørtes vrål, som brød
den tykke sky:
Fra Danmark lyner Tordenskjold.
Hver give sig i himlens vold,
hver give sig i himlens vold, og fly!
Du danskes vej til ros og magt,
sortladne hav!
Modtag din ven, som uforsagt
tør møde faren med foragt,
så stolt som du mod stormens magt,
sortladne hav!
Og rask igennem larm og spil
og kamp og sejer før mig til,
og kamp og sejer før mig til, min grav!

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]