Kong Christian stod ved højen Mast
«Kong Christian stod ved højen mast» er den danske nasjonalsongen som vert brukt når dei kongelege er til stades.
Johannes Ewald skreiv teksten i 1779. Songen har bakgrunn i eit skipsforlis ved Hornbæk i 1770-åra. Her vart skipperen redda av dei lokale fiskarane, som etterpå avslo eit tilbod om løn sjølv om dei var utfattige. Redningsdåden førte til at Ewald skreiv syngespelet Fiskerne, der ein finn denne songen med lovprisinga av dei danske sjøheltane.
Opphavsmannen til melodien er ukjent. Det kan vere ein vandremelodi som fann si endelege form i Daniel Friedrich Rudolph Kuhlau sin musikk til «Elverhøi» frå 1828. I dette festspelet med tekst av Johan Ludvig Heiberg, skrive til den seinare Frederik VII sitt bryllaup, sluttar ouverturen med denne melodien. Avslutninga til stykket er eit kor, «Beskærm vor konge, store Gud», på same melodi.
Teksten
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kong Christian stod ved højen Mast» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2005.