Konkrement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein nyrestein som målar 8 millimeter

Eit konkrement er ein konkresjon av materie, oftast steinsalt, som kan oppstå i organ og kanalar i kroppen.[1] Formasjonen av konkrement er kjent som steindanning eller litiase. Slike konkrement eller steinar er vanlegvis asymptomatiske, men kan stundom valde ulike sjukdommar. Store konkrement brukar ofte fleire år på å vokse.

Konkrement må ikkje forvekslast med gastrolitt.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Konkrement fjerna frå bukspyttkjertelen
Spyttkjertelstein og hòlet etter operasjonen
Røntgen av bihòlene visar konkrement i nasa (rhinolitt)
Mandelstein (tonsillolitt) i kryptene av mandlane
Fleire små gallesteinar som i hovudsak er samansett av kolesterol

Etiologi[endre | endre wikiteksten]

Kalsiumoksalat er den vanlegaste mineraltypen ved nyrestein. Urinsyre er den nest vanlegaste mineraltypen. Ein in vitro-studie viste at urinsyrekrystallar og urinsyresteinar kunne fremje formasjonen av kalsiumoksalatsteinar.[2]

Patofysiologi, symptom og sjukdomsteikn[endre | endre wikiteksten]

Steinar kan valde sjukdom på ulike måtar:

  • Irritasjon av kringliggjande vev som fører til smerte, heving og betennelse
  • Obstruksjon av opningar og kanalar kan påverke den normale blodstraumen til eit organ og føre til funksjonelle forstyrringar
  • Predisposisjon for infeksjon, ofte som følgje av forstyrringar i blodstraumen

Ulike sjukdommar kan oppstå som følgje av stein:

Diagnose[endre | endre wikiteksten]

Diagnostikken er avhengig av steintypen:

  • Klinisk historie og fysikalsk undersøking
  • Avbildingar
  • Faktorar som bidreg til steindanning (sjå § Etiologi) blir ofte undersøkt:
    • Laboratorietesting kan finne relevante substansar i blod og urin
    • Nokre steinar kan hentast ut direkte og sendast til laboratorium for innhaldsanalyse. Desse kan hentast ved kirurgi, men kan òg forlate kroppen spontant.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Modifisering av predisponerande faktorar kan stundom senke eller reversere steindanning. Behandlinga varierer avhengig av steintype, men vanlege behandlingar er:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det eldste kjente inngrepet for å fjerne konkrement er skildra i Sushruta Samhita, ei samling av klassiske sanskrit-tekstar frå 500 f.Kr.[3] Inngrepet gjekk ut på å gå inn gjennom golvet av blæra.[3]

Behandlinga av denne sjukdommen var forbode for legar som hadde sverja til den hippokratiske ed, fordi risikoen for postoperativ infeksjon og bløding var stor.

Konkrement kjem av latin concrescere som tydar «vokse saman».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Solheim, Kaare (14. februar 2009). «konkrement». Store norske leksikon. Henta 28. januar 2015. 
  2. Grases F.; Sanchis P.; Isern B.; Perelló J.; Costa-Bauzá A. (2007). «Uric Acid as Inducer of Calcium Oxalate Crystal Development». Scandinavian Journal of Urology and Nephrology 41 (1): 26–31. 
  3. 3,0 3,1 Lock, Stephen etc. (2001). The Oxford Illustrated Companion to Medicine. USA: Oxford University Press. 836. ISBN 0-19-262950-6.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Konkrement