Konrad Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konrad Knudsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. august 1890
Drammen kommune
Død

16. juni 1959 (68 år)

Yrke politikar, redaktør, journalist, kunstmålar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling

Konrad Gustav Knudsen (19. august 189016. juni 1959) var ein norsk målar, journalist og politikar frå Drammen. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1937 til 1957. Knudsen er mellom anna kjend for å ha oppmoda sovjet-politikaren Lev Trotskij om å «søke asyl» i Noreg.

Knudsen var fødd i Drammen, der faren var målarmeister. Etter å ha avslutta handelsskulen i 1904, arbeidde han sjølv som målar i Drammen fram til 1908. Han reiste då til USA, der han arbeidde som vekselvis målar, tømmerhoggar og bygningsarbeidar, til han i 1917 fekk jobb som redaktør i den norskspråklege avis Social-Demokraten i Chicago. I 1920 reiste han tilbake til Drammen, og var dei neste tre åra arbeidsleiar for målarar. Han fekk då ei redaktørstilling i avisa «Fremtiden» sitt avdelingskontor i Hønefoss, og arbeidde der dei neste 13 åra.

I 1935 inviterte Knudsen den sovjetiske dissidenten Lev Trotskij til Noreg, og hyste han i eit hus som Knudsen leigde på Veksal i Heradsbygda, vest for Hønefoss. Etter at medlemer i Nasjonal Samling sommaren 1936 braut seg inn i huset, tok den norske regjeringa affære og justisminister Trygve Lie bestemte at Trotskij måtte ut av landet.

Ved stortingsvalet i 1936 vart Knudsen vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke og for Arbeidarpartiet. Under andre verdskrigen rømde Knudsen fyrst til Sverige og arbeidde ved den norske legasjonen. Deretter reiste han over til Canada i 1941 og til New York i USA i 1942. Han arbeidde då i infomasjonstenesta for Noreg, og seinare i riksrevisjonen. Knudsen vart attvald til Stortinget i 1945, 1949 og 1953. Heile denne tida, 1945-57, var han medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]