Konstantin Bogajevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fil:Bogaevsky cartoon.gif

Konstantin Fjodorovitsj Bogajevskij (russisk: Константин Фёдорович Богаевский), 24. januar 187217. februar 1943, var ein russisk kuntmålar kjent for sine symbolistiske landskapsmåleri.

Læreår

Bogajevskij vart fødd i byen Feodosija aust på Krim (i dagens Ukraina), av foreldre med tyske og italienske aner. Sine første læretimar i kunst fekk han med Ivan Ajvazovskij.

Frå 1891 til 1897 studerte Bogajevskij ved St. Petersburgs kunstakademi i klassa til Arkhip Kuindzji. Kunsten til den unge Bogajevskij var lite velsedd på kunstakademiet, han var sågar forbigåande utestengt frå undervisninga for å "mangle talent". Trass i dette hadde Kuindzji alltid stor tiltru til eleven sin og verna om han. I 1898 reiste Bogajevskij til Italia og Frankrike. Der fekk han kjennskap til verka til Claude Lorrain, som han kunngjorde som sin rette læremeister. Første utstillinga hans i Moskva fann stad i 1898.

Skip. Kveldssol, 1912

Symbolist-landskap

Etter 1900 begynte Bogajevskij å arbeide i fødebyen Feodosija. Hovedtema i verka hans vart dei symbolist-landskapa i eit ikkje-eksisterande land (mellom hans vener kjent som Bogajevia) som han berre såg i sine draumar. Landskapa minner om landskapet i heimetraktene på Krim, og ofte la målaren verka sine til fantasilandet Kimmeria. Bogajevskij vart ein populær målar etter poeten Maksimilian Volosjin publiserte ein serie med essays med tittelen Konstantin Bogajevskij. Volosjin lovprisa symbolismen i Bogajevskijs måleri. Samtidige drog ofte parallellar mellom Bogajevskij og Nicholas Roerich.

Bogajevskij var medlem av Mir iskusstva (Unionen av russiske kunstnarar) og Zjar-Tsvet. I 1906 stilte han ut sine måleri på Exposition de l'Art Russe i Paris, organisert av Sergei Diaghilev. Fire år seinare la han ut på ei reise til Vest-Europ, vitja mellom anna Italia. Han vart der kjent med målarkunsten til Albrecht Dürer, Albrecht Altdorfer og Andrea Mantegna. Kunst av desse fekk sterk innverknad på Bogajevskij og hans seinare verk.

Hamn i ein førestelt by, 1932

Heim til Feodosija

Bogajevskij flytta i 1912 til Feodosija, der han heldt seg resten av livet sitt. Han opprettheldt eit mangeårig venskap med ein annan kjend feodosiar, ein tiljublar av eit ikkje-eksisterande land, Aleksandr Grin. Også med Koktebel-gruppa i russisk intelligentsia pleia han eit nært tilhøve, der i mellom med Maksimilian Volosjin, Marina Tsvetajeva og Osip Mandelstam.

Etter oktoberrevolusjonen minka interessa for Bogajevskij sine måleri. Men han vart ikkje forfølgd av sovjeta. Eit verk frå 1932, Hamn i ein førestelt by, vart til og med prisa som eit sosialist-realistisk måleri av kraftverkstasjonen ved elva Dnjepr.

Han døde i heimbyen Feodosija.