Kornellfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornellfamilien
Cornus sanguinea1.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Kornellordenen Cornales
Familie: Kornellfamilien Cornaceae
Bercht. & J.Presl, 1825

Kornellfamilien (Cornaceae) er ein plantefamilie i kornellordenen (Cornales).

Talet på artar og slekter varierer mykje mellom ulike forfattarar. Dette kjem særleg an på om sumptrefamilien (Nyssaceae) blir oppfatta som ein underfamilie av kornellfamilien, eller skild ut som ein eigen familie. I APG III-systemet blei han rekan som ein underfamilie av kornellfamilien, men i APG IV-systemet er han igjen ein eigen familie. Slekta Alangium med omtrent 24 artar er ofte blitt plassert i ein eigen familie, Alangiaceae, men blir no rekna som del av kornellfamilien.

Dette inneber at familien no omfattar rundt 85 artar fordelt på 2 slekter, Cornus og Alangium. Norsk litteratur, som Norsk flora, 7. utg og Artsdatabanken, splittar den store og ueinsarta slekta Cornus i fleire slekter,[1] men særleg i amerikansk litteratur er det framleis vanleg å oppretthalda Cornus i vid forstand.[2]

Dei fleste artane i denne gruppa er buskar eller tre, men det finst også nokre urter med jordstengel. Blada er heile med boga nerver. Dei sit spreidde eller motsett og er heilranda. Blomane er firtalige, og fruktene er steinfrukter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lid, J. og D.T. Lid 2005. Norsk flora, 7. utg., redaktør: R. Elven, Samlaget, Oslo.
  2. R.H. Eyde (1987). «The case for keeping Cornus in the broad Linnaean sense». Syst. Bot. 12 (4): 505–518. ISSN 1548-2324. JSTOR 2418886. doi:10.2307/2418886. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]