Kornell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vårkornellslekta
Cornus mas3.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Kornellordenen Cornales
Familie: Kornellfamilien Cornaceae
Slekt: Vårkornellslekta Cornus
L., 1753

Kornell kan visa til tre eller buskar frå planteslektene Cornus og Swida i kornellfamilien, eller berre Cornus der denne er rekna som ei større slekt. Då omfattar ho rundt 45 artar som veks på den nordlege halvkula.

Slektsnamnet Cornus kjem frå latin av ordet cornu, 'horn'. Ordet kornell kjem frå eit italiensk diminutiv av cornus.[1]

Dei fleste kornellar er lauvfellande buskar eller tre med krossvis motsette blad. Blomane er firetalige og veks i endestilte, greinete kvastar. Dei er einkjønna hjå nokre av artane. Blomane dannar ei steinfrukt. Veden er kjend for å vera svært hard.

I Noreg veks to kornellartar vilt, skrubbær (C. suecica) og villkornell (C. sanguinea).. Det blir også dyrka artar som kanelkornell, sibirkornell og vårkornell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kornell». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 5. april 2018.