Hopp til innhald

Kranskonvall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kranskonvall
Kranskonvall
Kranskonvall
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Nolinoideae
Slekt: Storkonvallslekta Polygonatum
Art: Kranskonvall P. verticillatum
Vitskapleg namn
Polygonatum verticillatum

Kranskonvall (Polygonatum verticillatum) er ei fleirårig urt i aspargesfamilien.[1][2] Arten er utbreidd i Europa og Asia. Kranskonvall blir brukt som hage- og snittplante.

Kranskonvall i Sveits.

Planta vert kring 50 cm høg og har rund stengel og smale spisse blad, tre til seks i kvar krans. Blomsterskaftet har oftast to blomstrar. Rotsystemet består av ein vassrett krypande forgreina jordstengel med grove trevlerøter. Alle delane av planta er giftige.

Kranskonvall trivst i lett skugge, som i skog, med moldjord som elles er næringsfattig og svakt sur.

Planta er heimleg i Noreg og veks nord til Troms. Ho er funnen opp til 1300 m på Hardangervidda.[1] Ho blømer kring juni månad.

Det er gjort somme funn av hybridar med storkonvall (P. multiflorum × P. verticillatum) sør på Austlandet.[1] Det er òg registrert eit funn av hybriden med kantkonvall (P. odoratum × P. verticillatum) i Hurum.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 225. 
  2. «Artsdatabanken: Kranskonvall». Artsdatabanken. 7. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kranskonvall
  • Kransrams i Den virtuella floran, Naturhistoriska riksmuseet