Krim-khanatet
قريم يورتى Qırım Yurtu Krim-khanatet | ||||
Vasall i Det osmanske riket (1478–1774) | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Våpen | ||||
Utstrekninga av Krim-khanatet kring 1600 | ||||
Hovudstad | Bahçeseray (Bakhtsjisaraj) | |||
Språk | krimtatarisk, osmansk-tyrkisk | |||
Religion | Islam | |||
Styreform | Monarki | |||
Khan | ||||
- 1449-1466 | Hacı I Giray (første) | |||
- 1777–1783 | Şahin Giray (siste) | |||
Historie | ||||
- Oppretta | 1441 | |||
- Annektert av Russland | 1783 | |||
I dag ein del av | ![]() ![]() ![]() |
Krim-khanatet var eit rike i Aust-Europa som eksisterte frå 1441 til 1783, og som omfatta det meste av Krim-halvøya, dei nærliggjande landområda nord og aust for Azovhavet, samt ein landbrem nord for den vestlege delen av Svartehavet, i dagens Ukraina. Riket vart danna av krimtartarar under leiing av adelsslekta Giray. Hovudstaden i riket, Bakhtsjisaraj, vart grunnlagd i 1454 på Krim.
Soge[endre | endre wikiteksten]

Krim-khanatet oppstod på ruinane av den mongolske riksskipnaden kalla Den gylne horden. Etter i kring 15 år med strid kunne adelsmannen Haci Giray i 1441 eller 1443 opprette eit rike med sentrum på halvøya Krim. Frå 1478 var khanen av Krim ein vasall under sultanen i Det osmanske riket, ei ordning som stod ved lag nesten heilt Krim-khanatet vart erobra tre hundreår seinare.
Gjennom 1500-talet gjekk Krim-khanatet fleire gongar til krig mot Russland i nord, i 1571 plyndra og brende Krim-hæren den russiske hovudstaden Moskva. Utover 1600-talet vart Russland stendig sterkare, og frå 1678 var Krim omringa av russisk styrkar. Byen Perekop gjekk tapt i 1697, medan hovudstaden Bakhtsjisaraj vart herja i 1736.
Det osmanske riket miste i 1774 makta over Krim-khanatet, som tre år seinare vart erobra av russiske styrkar under hærføraren Aleksandr Suvarov. I 1783 annekterte Katarina den store Krim-khanantet for Russland og erklærte det for «russisk for all framtid».
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Krim-khanatet» frå Wikipedia på dansk og «Khanat der Krim» frå Wikipedia på tysk, den 19. mars 2014.