Bakhtsjisaraj
Bakhtsysaraj | |||
Bağçasaray | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Krimhalvøya | ||
Høgd | 300 moh. | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 26 215 | ||
Folketettleik | 26 215 / km² | ||
Først nemnt | 1502 | ||
- Bystatus | 1926 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 98400 — 98408 | ||
Retningsnummer | +380-6554 | ||
![]() Bakhtsjisaraj | |||
Wikimedia Commons: Bakhchysarai | |||
Bakhtsysaraj (krimtatarisk Bağçasaray; ukrainsk og russisk Бахчисарай; tyrkisk Bahçesaray) er ein byliknande busetnad sentralt på Krimhalvøya sør i Ukraina. Han er det administrative senteret i Bakhtsysaraj rajon (distrikt), og den tidlegare hovudstaden i Krim-khanatet. Det største landemerket i byen er Hansaray, det einaste større palasset frå Krim-khanane, og i dag eit populært museum.
Byen er først nemnt i 1502, og vart hovudstad i Krim-khanatet i 1532 under regjeringstida til Sahib I Giray. Byen var så det politiske og kulturelle senteret for Krim-tartarane frem til khanatet vart erobra av Russland i 1783. Byen heldt den kulturelle tydinga si òg etter dette, heilt til tartarane vart drivne bort frå Krim i mai 1944.
Asteroiden 3242 Bakhchisaraj, oppdaga av ukrainaren Nikolaj Tsjernykh, er kalla opp etter byen. Byen er òg kjent i Russland for Aleksandr Pusjkin-diktet «Fontena i Bachtjisaraj», seinare koreografert som ballett av Rostislav Zakharov.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bakhchisarai» frå Wikipedia på engelsk, og «Bakhtsjisaraj» frå Wikipedia på bokmål den 1. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell side for palasset Arkivert 2016-05-20 ved Wayback Machine. (engelsk/ukrainsk/russisk)