Kristin Lønningdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristin Lønningdal
Fødd 1. januar 1923
Død 23. februar 2010
Parti Høgre

Kristin Kverneland Lønningdal (fødd 1. januar 1923 i Stavanger, daud 23. februar 2010) var ein norsk politikar for Høgre. Ho var innvald på Stortinget frå Rogaland 1973–1981 og var vararepresentant 1965–1973. Lønningdalinteresserte seg for ei rekkje politiske saksfelt, frå bustadsbygging og sjukehuspolitikk til miljøvern og økonomisk politikk, og var oppteke av einskildpersonar som følte at dei kom til kort i møtet med offentleg byråkrati.[1] Ho hadde ei rekkje verv i Høgre og Høyrekvinners Landsforbund og var òg lokalpolitisk aktiv.

Kristin Lønningdal hadde examen artium frå 1942 og apotekareksamen frå 1947. Ho var farmasøyt i Mandal 1945–1946 og var provisorfarmasøyt ved apotek i Stavanger, Risør og Tvedestrand 1947–1948. Etter tida på Stortinget var ho fylkesmann i Rogaland 1981–1991. Ho var den andre kvinnelege fylkesmannen i Noreg (etter Ebba Lodden).[2]

Stortinget sitt presidentskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1. oktober 1974–30. september 1977 varasekretær i Odelstinget
  • 11. oktober 1977–30. september 1980 varasekretær i Odelstinget
  • 1. oktober 1980–30. september 1981 varapresident i Odelstinget

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

  • 1977–1981 medlem i Den førebuande fullmaktskomiteen
  • 1977–1981 medlem i Finanskomiteen
  • 1977–1981 medlem i Fullmaktskomiteen
  • 1973–1977 medlem i Den førebuande fullmaktskomiteen
  • 1973–1977 medlem i Kommunal- og miljøvernskomiteen
  • 1973–1977 medlem i Fullmaktskomiteen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Minnetale over tidligere stortingsrepresentant Kristin Kverneland Lønningdal». 11. mars 2010.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  2. «Fylkesmannboka».  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]