Temrjuk
| Temrjuk | |||
| Темрюк | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Krasnodar kraj | ||
| Areal | 20,1 km² | ||
| Folketal | 40 415 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1556 | ||
| • Bystatus | 1860 | ||
| Retningsnummer | +7 86148 | ||
![]() Temrjuk 45°16′00″N 37°23′00″E / 45.266666666667°N 37.383333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Temryuk | |||
Temrjuk (russisk Темрю́к) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 130 km vest for Krasnodar.
Byen ligg ved elva Kuban, rundt 8 km frå munningen i Azovhavet, på Tamanhalvøya mellom Svartehavet og Azovhavet, der òg hamna til byen ligg.
Den første busetnaden på staden var Tatar-festninga Tumnev, som vart nemnt på 1300-talet, då han vart gjeve til handelsmenn frå Genova. Han vart kalla Copa til han vart okkupert av Krim-khanatet i 1483.
Russarane, alliert med den lokal potentaten Temrjuk av Kabarda, erobra Tumnev og bygde festninga Nye Temrjuk på staden. Krimtatarane tok tilbake fortet i 1570 og det neste hundreåret vart han kalla Adis. På 1700-talet vart området busett av kosakkar og deira stanitsa fekk bystatus under namnet Temrjuk i 1860.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Temrjuk» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
