Kunqu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå ei oppføring i Beijing av kunqustykket Peonpaviljongen
Kunqu-skodespelar

Kunqu (kinesisk skrift 昆曲, pinyin kūnqǔ; Wade-Giles: k'un-ch'ü, «Kun-melodiar») er den eldste kinesisk opera-forma som framleis blir framført. Ho har ei historie som går attende til 1400-talet til regionen Wu, og blir sagt å ha røter i byen Kunshan, mellom Suzhou og Shanghai. Lengjer tilbake i historia er hi inspirert av songdramaforma nanxi.

Frå 1500-talet og inn på 1700-talet var kunqu heilt dominerande innan den kinesiske operaverda. Forma blir sett på som forløparen til ei rekkje nyare operaformer, som Pekingopera.

Kunqu mista raskt populariteten sin mot slutten av Qing-dynastiet, og rundt 1930 var forma så godt som forsvunnen. I dei følgjande åra blei ho likevel gjennoppliva av enkelte intellektuelle og pekingoperautøvarar. Ho blir framleis framført ei rekkje stadar i Kina.

I nyare tid har kunqu blitt framført profesjonelt i sju byar i Fastlands-Kina: Beijing, Shanghai, Suzhou, Nanjing, Chenzhou, Yongjia/Wenzhou og Hangzhou, og dessutan i Taipei på Taiwan. Ikkje-profesjonelle operaselskap som praktiserer kunqu finst ei rekkje andre stadar.

I 2001 blei kunqu utsett av UNESCO som den første immaterielle verdsarv frå Kina, då ho blei skriven inn på UNESCO si liste over Meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]